14.11.2010

Fjortande november

Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i Queens. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det som trommeslagar for W.A.S.P. på samleplata First Blood. Last Cuts han kan høyrast. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. Theatret Barbet i Bordeaux tok i mot Toy Dolls i 1989. Same dato i 1992 kom Motörhead med The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar