06.11.2010

Sjette november

Sjette november 1941 kom ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar til verda i myteomspunne San Antonio i Texas. Douglas Wayne Sahm debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornardos i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Både SDQ og TT er representert i mi platehylle. Sahm døyde i 1999. I 1948 vart bassisten John Russel Morgan fødd. Morgan nytta artistnamnet Rushton Moreve då han spelte i legendariske Steppenwolf. Same dag kom George Redburn Young til verda i den einaste skotske storbyen, Glasgow. Seinare utvandra heile Young-familien til australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men kan hende er det som produsent for dei to brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage. I 1961 kom Craig Goldie til verda. Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I 1964 kom geologiprofessoren og vokalisten i Bad Religion, Greg Graffin til verda. Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av gruppa og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance (1998). I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia. I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar