26.12.2010

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans. Porter var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Sama dag kom gitaristen Paul Anthony Quinn til verda i Barnsley. Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon og han kan høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert han lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar