09.06.2011

Niande juni

Niande juni 1941 vart Jon Douglas Lord fødd i Midt-England. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Machine Head frå 1972, Come Taste The Band, Burn og Perfect Stranger, i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep der han erstatta John Wetton. Han kan hjå meg høyrast på plata Fallen Angel frå 1978 og Raging Silence frå 1989, men han har også spelt saman med bysbarnet Mick Ronson frå Hull i bandet The Rats, noko som leia til at han fekk oppdraget med bassen på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet og som alle står på ynskjelista mi. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Gill har traktert trommene for store engelske band som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er også kreditert for fleire spor på samleplata No Remorse frå 1984. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo plata Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, mykje bra musikk for pengane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar