23.06.2011

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom June Carter Cash til verda med fullt namn Valerie June Carter. June hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family, men er for dei fleste best kjend for eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har pleia si eige karriere som låtskrivar og har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho framfører i duett saman med ektemannen. I tillegg kan June Carter høyrast som kordame på fleire av Johnny sine innspelingar og ho er også representert i mi platehylle med samlinga Collections der ekteparet syng utvalde duettar. I 1958 vart ein av rockens største klyser, tidlegare W.A.S.P.-gitarist Chris Holmes, fødd som Christopher John Holmes. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og det er klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart produsent og musikar Brendan O’Brien fødd i Atlanta. O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, men i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på plata Water Babies. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1998 nytta Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar