05.06.2011

Tredje juni

Tredje juni 1927 kom saksofonisten Homer Louis Randolph III til verda. Boots Randolph kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. I 1939 vart vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, Ian Hunter Patterson, fødd. Ian Hunter har, i tillegg til eiga musikarkarriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. I 1950 kom Suzi Quatro til verda i bilbyen Detroit som Susan Kay Quatro. Eg innrømmer at eg hadde varme kjensler for den vetle lærkledde dama med kjempebassen då eg var yngre, men det var på syttitalet. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar