07.09.2011

Sjette september

Sjette september 1942 kom David ”Dave” Bargeron til verda i New York. Bargeron har spelt trombone og tuba med fleire store namn som Paul Simon og Mick Jagger, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1943 vart George Roger Waters fødd i Surrey. Roger Waters var ein av grunnleggjarane av Pink Floyd, eit band han forlèt i 1985. Waters har seinare gjeve ut tre soloalbum og ei sceneoppsetjing av meisterverket The Wall. Hjå meg kan ein høyre Waters på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, ei av verdas mestselgjande plater, og på soloplata Amused To Death frå 1992. I 1957 var Elvis Presley i studio saman med gruppa The Jordanaires for å spele inn låta Don’t. I 1972 vart Eugene Hütz fødd i Kiev i Ukraina. Hütz, som også livnærer seg som komponist og skodespelar, er best kjend som frontmannen i det amerikanske punkrockbandet Gogol Bordello og kan i mi platesamling høyrast på EP-plata East Infection frå 2005. I 1978 filma AC/DC Sin City for ABC sitt program The Midnight Special. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Newcastle, nærare bestemt i Old Hall Pub. Etter konserten tok trommeslagar Dean James ein pause som skulle vare fram til 1985. I 1984 såg dei frammøtte på Bier Kellar i Blackpool Toy Dolls underhalde frå scenen. I 1985 fekk publikum på Simplon i Gronningen eit gjensyn med Toy Dolls. I 1986 slepte Iron Maiden Wasted Years som fyrste singel frå plata Somewhere In Time. Singelen når attandeplass og bandet nyttar kvelden til å spele sin fjerde konsert på rad i Hammersmith Odeon som oppvarming for turneen Somewhere On Tour. I 1994 slepte det amerikanske punkrockbandet Bad Religion det åttande studioalbumet sitt, Stranger Than Fiction.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar