21.09.2011

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1934 vart den kanadiske poeten og artisten Leonard Norman Cohen fødd i Montreal. Cohen har spela inn meir enn to tusen songar og ti av dei kan du høyre på plata Ten New Songs, som du finn i mi platehylle. I 1952 kom David Gregory til verda i Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjekt som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul ”Liam” Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som mellom anna (What’s The Story) Morning Glory og Familiar To Millions. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døyde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døyde Boz Burrell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar