07.09.2011

Sjuande september

Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i New Orleans. Joe Newman spelar trompet saman med Count Basie på samleplata Atomic Swing. Joe Newman døyde i 1992. I 1948 vart MC5-trommis Dennis Thompson fødd i Detroit. Hans taktfaste bidrag til rocken kan høyrast på plata Back In The USA frå 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i Newark i New Jersey. Gloria Gaynor produserte ei rekke topp hits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du The Collection frå 1996 og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 fekk verda ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar i Christine Ellen Hynde. Chrissie Hynde har levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders, som framleis står på mi ynskjeliste, i ei årrekkje, men enn så lenge må eg nøye meg med å høyre ho synge som gjestevokalist for UB40 på songen I Got You Babe, som opphavleg var ein slagar med duoen Sony And Cher. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda. Benmont Tench var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers, men orgelspelet hans kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan-plata Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993 og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air. I 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døyde Warren Zevon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar