07.04.2012

Sjuande april

Sjuande april 1915 vart Eleanora Fagan fødd i Philadelphia. Billie Holiday fekk kjælenamnet Lady Day av jazzkollega Lester Young, og har sidan hatt stor påverknad på kvinneleg vokal i både pop og jazz. Holiday døyde dessverre så tidleg som i 1959. I 1934 kom den engelske jazzmusikaren Victor Feldman til verda i Edgware. Perkusjonisten Feldman har gjeve ut ei rekkje jazzplater under eige namn, men i mi platehylle er det på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og Waitz sin eks-kjæraste Ricki Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, dei musikalske ferdighetene hans kan høyrast. Feldman døyde i 1987. I 1938 vart tromptisten Frederick Dewayne Hubbard fødd i motorsportbyen Indianapolis. Freddie Hubbard har spelt inn og gjeve ut fleire plater under eige namn og har i tillegg spelt på så og seie alle viktige jazzinnspelingar med alle viktige jazzartistar på seksti- og syttitalet. I mi platehylle er det på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961 trompeten hans kan høyrast. Hubbard døyde i 2008. I 1976 døyde Jimmy Garrison. I 1980 var Heaton Buffs i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Brilleaux. I 2005 slepte Audrey Horne plata No Hay Banda, ei plate dei fekk Spelemannspris for. I 2008 døyde Phil Urso.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar