13.04.2012

Trettande april

Trettande april 1944 vart John William Casady fødd i det som gjerne vert sett på som verdas mektigaste by, Washington D.C. Bassisten Jack Casady var ein sentral del av lydbiletet i Jefferson Airplane og han yt sitt bidrag til mi platehylle på ei uautorisert konsertplate med tittelen Sombody To Love-Live. Han spelar også på David Crosby si debutsoloplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1952 kom bluegrassartisten Sam Bush til verda i Bowling Green i Kentucky. Bush vert rekna som grunnleggaren av musikkstilen Newgrass og han spelar mandolin i fleire band i tillegg til sitt eige Sam Bush Band. Saman med supergruppa Telluride kan Bush hjå meg høyrast på songen Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1954 var dette dagen James Destri kom til verda i New York. Destri nyttar til vanleg førenamnet Jimmy og spelar keyboard i Blondie. I 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda. Ford var kjend for å leike med strengane i The Black Crows, men har no fôrlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarrieren si. I 1968 spelte Janis Joplin og Big Brother And The Holding Company i Winterland i San Francisco. Songen Farewell Song kan høyrast på ei samleplate med same namn (1982) og produsent var John Simon. I 1971 var Johnny Cash i Nasville og spela inn Singing In Vietnam Talkin’ Blues som vart gjeven ut på plata Man In Black i 1971 og også kan finnast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå plata Fear Of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein solid tredjeplass på listene. I 1993 slepte Chris Isaak plata San Francisco Days.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar