05.04.2012

Femte april

Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1948 kom Nord-Iren Les Binks til verda i Portadown. Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på plata Stained Class, som kom i sal i 1978. Same dag, og same år, vart utruleg nok Binks sin erstattar Dave Holland fødd i Wolverhampton. Pederasten Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtittelerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1997 døyde Allen Ginsberg. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen. I 2012 døyde Barney McKenna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar