09.04.2012

Niande april

Niande april 1932 kom gitaristen og komponisten Carl Lee Perkins til verda i Tiptonville i Tennesssee. Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive slagaren Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb og spelar gitar for Johnny Cash på fleire av hans innspelingar. Perkins døyde i 1998. I 1945 vart Stephen Kendall Gadd fødd i Irondequoit i New York. Trommeslagaren Steve Gadd kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1950 vart pianisten Peter John Wood fødd i Middelsex i England. Peter Wood sitt pianospel frå 1976 kan høyrast på Joan Armatrading si plate med same namn som artisten. Peter Wood døyde i 1993. I 1961 kom Mark Colbert Kelly til verda i Dublin. Mark Kelly har spela keyboard på alle plateutgjevingar frå Marillion, og hjå meg kan han høyrast på plata Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1975 vart Gisle Martens Meyer fødd. Meyer er mannen bak elektronikaprosjektet Ugress og prydar mi platehylle med den sterke plata Resound frå 2002. I 1978 gav Rainbow ut plata Long Live Rock’n Roll, der kanadiaren David Stone (Michael David Stoyanoff) spelar keyboard. I 1980 vart Albert Louis Hammond Jr fødd i Los Angeles. Albert Hammond Jr er gitarist i The Strokes, og kan høyrast på debutplata Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. Same dag la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo, som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 2002 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Plastic Fang. Dette var det hardtrockande alternativbandet si sjuande studioplate, produsent var Steve Jordan. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrassfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på fleire plater signert legenda Johnny Cash.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar