02.04.2012

Andre april

Andre april 1928 kom Lucien Ginsburg til verda i Paris. Serge Gainsbourg vert rekna som ein av verdas mest innflytingsrike popmusikarar og hadde ei rekkje store hits verda over. Gainsbourg døyde i 1991. I 1939 vart den amerikanske plateprodusenten og songaren Marvin Pentz Gaye Jr. fødd i det amerikanske maktsentrumet Washington D.C. Gaye hadde i åra frå 1958 til 1984 ei rekkje hits og vart rekna som The Prince Of Motown. Gaye døyde i 1984. I 1947 kom Emmylou Harris til verda i Birmingham i Alabama. Countrysongerinna Harris har gjeve ut fleire soloplater, men det er som anonym kordame for andre artistar dei fleste stiftar kjennskap til ho. Verdas beste kordame kan i mi platesamling høyrast i framgrunnen på plata Pieces Of The Sky, som ho sjølv gav ut i 1975, og i bakgrunnen på plater med store namn som Johnny Cash, Willie Nelson, Steve Earle, og på songen Stars Of Betlehem for Neil Young på plata American Stars’N Bars frå 1977. I 1949 vart David Robinson fødd. Robinson er trommeslagar i The Cars. I 1952 vart David Eric Bronze fødd i Essex. David Bronze har spelt bass med både Eric Clapton og Procol Harum, men hjå meg finn ein basspelet hans på Dr. Feelgood si plate Primo frå 1991. I 1956 var Johnny Cash i studio og spelte inn det som av mange vert sett på som sjølvaste signaturlåten hans, I Walk The Line. Innspelinga vart produsert av legenda Sam Phillips og kom ut som Sun Reccords sin singel nummer 241. Denne songen er representert på ei rekkje samleplater i mi platehylle, mellom anna plata Love frå 2000. I 1975 slepte Bad Company si andre studioplate, Straight Shooter. I 1978 gav Kiss ut samleplata Double Platinum som summerte opp karrieren til dei maskekledde fram til då. I 1984 nytta gutane i Toy Dolls kvelden til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i den vidgjetne sportsarenaen Madison Square Garden i verdsmetropolen New York. I 1991 slepte Mike + The Mechanics plata Word Of Mouth. I 1996 slepte Beastie Boys den instrumentale samleplata The In Sound From Way Out. I 2009 døyde Bud Shank. I 2010 ebba livet ut for Mike Zwerin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar