01.04.2012

Fyrste april

Fyrste april 1945 fekk trommeslagaren Aaron Kenneth Buttrey livet i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling kan Buttrey sitt stødige trommespel høyrast på plata Blonde On Blonde, som Bob Dylan gav ut i 1966, og John Wesley Harding, som same artist slepte året etter. Buttrey kan også høyrast på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Buttrey døyde i 2004. I 1946 kom Ronald Frederick Lane til verda i East London. Bassisten Ronnie Lane var mannen bak band som The Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si plate Long Player frå 1971. Lane døyde av MS i 1997. I 1954 såg enno ein trommeslagar dagsljos i Hartford, Connecticut. Jeffery Thommas Porcaro var ein av verdas mest nytta trommisar og har namnet sitt på meir enn hundre plater, best kjend er han kan hende for arbeidet med Toto. Hjå meg kan Jeff Porcaro høyrast på plata Good Stuff, som den elleville gjengen i The B52s gav ut i 1992. Porcaro døyde i 1992. I 1968 var Janis Joplin i Columbia Studio E i New York og spelte inn songane Missery’n og Catch Me Daddy. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company og innspelingane kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1979 kunne ein kjøpe den sju år gamle The Who-låta Long Live Rock på singel. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturné. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. Same dag døyde Marvin Gaye ein tragisk daud, skoten av sin eigen far dagen før han ville fylt trettifem år. I 1991 nytta kampsportsentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle. Same dagen gav Mano Negra ut plata King Of Bongo, som burde vere obligatorisk i alle platesamlingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar