12.04.2012

Tolvte april

Tolvte april 1940 kom jazzpianisten Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago. Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. I 1944 fekk verda Joachim Fritz Krauledat. Mannen var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. I 1951 kom trommisen Jackson Spires til verda. I mi platehylle er Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1953 kom Tony James til verda i London. James sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sigue Sigue Sputnik si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1958 vart gitaristen Will Sergeant fødd. Sergeant er den einaste av Ecco And The Bunnymen sine grunnleggjarar som har vore med gjennom heile bandet si karriere. I 1965 vart bassisten Sean Welch fødd i Enfield. Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på platene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Rais Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18. - 19.) same året. I 1975 slepte Bob Seger plata Beautiful Loser. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Live Bullet. I 1978 vart Guy Rupert Berryman fødd i skotske Kirkcaldy. Guy Berryman er bassist i Coldplay og hjå meg høyrer du han på plata X&Y frå 2005. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar