08.04.2012

Åttande april

Åttande april 1929 vart den belgiske visesongaren Jacques Romain George Brel fødd i Schaarbeek. Jacques Brel hadde fleire hits i den franskspråklege delen av Europa på femti- og sekstitalet, og tekstane hans er oversett til ei rekkje språk. Best kjend her heime er kan hende canadiske Terry Jacks sin engelskspråklege ¬versjon av Le Moribond, Seasons In The Sun, som plagar radiolyttarar med jamne mellomrom. Hjå meg finn du samleplata Infiniment, som gjev oss nitten spor med det beste Brel spela inn i si levetid. Brel døyde i 1978. I 1947 kom Stephen James Howe til verda i Holloway. Steve Howe er best kjend for å traktere gitaren for Yes, men har også vore innom band som Asia. Howe sitt bidrag til mi platehylle er Yes si plate Going For The One, som kom på marknaden i 1977. I 1951 kom bassisten Mel Scharcher til verda i Flint i Michigan. Scharcher si karriere er omfattar spel i Grand Funk Railroad og i mi platesamling kan han høyrast på platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1962 vart Jeffrey Dean Isbel fødd i Lafayette i Indiana. Izzy Stradlin er best kjend for arbeidet han gjorde som gitarist i bandet Guns N’Roses, eit band han forlet i 1991. I 1965 vart Marcel Theo Hall fødd i Baltimore. Biz Markie hjelpte Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994. I 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte medlemmen av grungebandet Nirvana, Kurt Cobain, funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg har Nirvana-samlinga vokse i det siste og Kurt kan no høyrast både på den mest kjende plata, Nevermind frå 1991, i tillegg til In Utero, Unplugged In New York og From The Muddy Banks Of The Wishkah. I 1991 slepte Simple Minds plata Real Life, dette var bandet sitt niande album, som klatra til andreplass på platelistene på heimemarknaden. I 1994 kom Offspring si tredje studioplate, og den fekk namnet Smash. I 1997 relanserte MU330 plata Chumps On Parade på plateselskapet Asian Man. Plata vart eigentleg utgjeven på Dill Records året før. I 2009 døyde Herbie Lovelle. I 2010 døyde tidlegare Sex Pistols-manager Malcolm McLaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar