28.04.2012

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart jazzgitaristen Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Kahn si merittliste er lang, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham, Alabama. Chuck Leavell vert rekna som ein av verdas fremste pianistar og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje i 1981, og som prydar platehylla mi med platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar