10.04.2012

Tiande april

Tiande april 1954 vart Lenny Picket fødd i New Mexico. Saksofonisten Picket kan i mi platehylle høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 kom Steve Gustavson til verda i Sevilla i Spania. Gustavson er bassist og ein av originalmedlemmene i 10 000 Maniacs. I 1959 kom den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer til verda. Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I tillegg er Setzer kreditert for gitarspel på eit spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1964 kom Alan John Wren til verda i Manchester. Reni var trommeslagar for The Stone Roses og kan hjå meg høyrast på plata The Second Coming. I 1965 vart Primus-trommisen Tim Alexander fødd. I 1970 kom Jonathan Davis til verda i New York City. Raparen Kamaal Ibn John Fareed, som har konvertert til Islam, nytta scenenamnet Q-Tip då han hjalp Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994. I 1971 vart jazzpianisten Joey DeFrancesco fødd i industribyen Philadelphia. DeFrancesco er kåra til verdas beste jazzpianist i ei årrekkje og har spelt med ei rekkje store artistar. Som syttenåring fekk han høve til å turnere med trompetlegenda Miles Davis og i mi platehylle kan han høyrast på nettopp Davis si plate Amandla frå 1989. I 1978 slepte Jethro Tull plata Heavy Horses. I 1979 vart Sophie Ellis-Bextor fødd. Ellis-Bextor starta karrieren sin i bandet Theaudience og har seinare gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg finn ein den fyrste soloplata, Read My Lips frå 2001. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen. I 1981 slepte The Clash singelen The Magnificent Seven, som nådde trettifjerdeplass som høgaste plassering på dei britiske singellistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar