22.09.2017

Tjueandre september

Tjueandre september 1952 kom Gary Frederic Holton til verda i London. Songaren Gary Holton slo gjennom med Heavy Metal Kids tidleg på syttitalet, men her heime er han best kjend for samarbeidet med Casino Steel, som resulterte i omgrepet Riggrock, etter ei saftig skrøne om at dei to rockarane skal ha møttes om bord på ein oljerigg i Nordsjøen. Hjå meg kan du høyre Holton på dei to fyrste platene frå samarbeidet med Steel, Gary Holton & Casino Steel (1981) og Part II. Holton døydde av ein overdose av alt som er meir enn godt i 1985. I 1956 vart bassisten Doug Wimbish fødd i Hartford i Connecticut. Bassisten Wimbish spelar til dagleg i Living Colour, og har i tillegg spelt med store artistar som George Clinton, Madonna og Depeche Mode. I mi platesamling kan Wimbish høyrast medan han spelar på Living Colour-plata Stain, i tillegg til Mick Jagger si plate Wandering Spirit, begge frå 1993. I 1957 var dette dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave starta sitt musikalske eventyr i bandet The Boys Next Door/The Birthday Party heime i Australia, og har sidan prega punk- og alternativscena verda over. I tillegg til eiga solokarriere, er Cave i dag kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene Junkyard, med The Birthday Party, og soloplatene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Marie Larkin fødd i Wynnewood i Philadelphia i Pennyslvania. Joan Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho, mellom anna, spelte saman med supergitaristen Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll, som toppa Billboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1969 kom Matthew Kelly Sharp til verda i Thailand sin eksotiske hovudstad Bangkok. Bassisten Matt Sharp var ein av grunnleggarane av Weezer, og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Weezer (The Blue Album) frå 1994, og den vanskelege andreplata Pinkerton frå 1996. Sharp slo opp med Weezer i 1998 for å spele ofre seg for sitt eige band The Rentals, men har med ujamne mellomrom opptrådd saman med moderbandet. I 1970 vart Yanul David Hernandez-Campos LaBastida Barreras fødd i Guadalajara i Mexico. Gitaristen Dave Hernandez har spela med The Shins i to periodar og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York City og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. Songane I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan i tillegg høyrast på samleplata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside i California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits frå 1998. I 1992 slepte Bel Canto plata Shimering Warm And Bright. I 2003 slepte Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar