07.09.2017

Sjuande september

Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i jazzbyen New Orleans i Louisiana. Trompetisten Joe Newman kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Count Basie på samleplata Atomic Swing. Newman døydde i 1992. I 1946 kom Alfa Anderson til verda i New York City. Songerinna Anderson er best kjend for å syngje i Chic, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på samleplatene More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music (1995) og Sister Sledge (1996). I 1948 vart Dennis Thompson fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Trommisen Thompson sitt taktfaste bidrag til rocken kan i mi platehylle høyrast på plata Back In The USA, som punklegendene MC5 slepte i 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i flyplassbyen Newark i New Jersey. Discodronninga Gloria Gaynor produserte ei rekke topphits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive, som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du samleplata The Collection frå 1996, og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 vart Christine Ellen Hynde fødd i Parma, nei ikkje den italienske skinkebyen, men namnebroren i den amerikanske elvestaten Ohio. Chrissie Hynde er ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar og har i ein mannsalder levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders. Hjå meg kan Hynde høyrast på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995, i tillegg til at du kan høyre ho synge hjelpevokal for UB40 på deira versjon av Sony And Cher-slagaren I Got You Babe, som er henta frå samleplata The Best Of UB40 frå 1987, og i samarbeid med Tom Jones på hans studioplate Reload frå 1999. I New York City kom Mark Ware Isham til verda. Trompetisten Mark Isham kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Van Morrison på samleplata The Philospher’s Stone frå 1998, samt på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda i Gainesville i pensjoniststaten Florida. Tangentmannen Benmont Tench er ei levande legende som i tillegg til at han var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers har spelt med stort sett alt som kan krype og gå i musikkverda. Tench er ein av dei mest produktive musikarane i mi platehylle og du tangentspelet hans på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, i tillegg til Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993, Alanis Morissette sine plater Jagged Little Pill (1995) og Supposed Former Infatuation Junkie (1998), og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006. Tench er også kreditert for å spele på Reef si plate Glow frå 1997, samt på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som Bob Dylan slepte i 1991, på The Jayhawks si plate Tomorrow The Green Gras (1995), Across The Borderline, som var Willie Nelson sitt bidrag til platemarknaden i 1993, Rufus Wainwright si sjølvtittulerte debutplate frå 1998, og på countryrockaren Ryan Adams si plate Gold frå 2001. I 1961 vart LeRoi Holloway Moore fødd i Durham i North Carolina. Saksofonisten LeRoi Moore var ein av grunnleggjarane av Dave Matthews Band og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Moore døydde etter ei bilulukke i 2008. I 1967 kom Eric Remschneider til verda. Cellisten Remschneider er best kjend for å spele på The Smashing Pumkins si plate Siamse Dream (1993)og det er nettopp denne som er hans bidrag til mi platehylle. Aretha Franklin nytta dagen til å sleppe singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air, som hjå meg kan høyrast på platene Talkie Walkie (2004) og Moon Safari (1998). I 1972 kom Harper James Simon til verda i New York City. Gitaristen og komponisten Harper Simon er son av meir meritterte Paul Simon og kan i mi platehylle høyrast med gitarspel på utvalde spor på pappa si studioplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1978 døydde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei konsertplate med tittelen Lou Reed In Concert frå 1996. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døydde Warren Zevon. I 2012 slepte Bob Dylan si trettifemte studioplate, Tempest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar