08.09.2017

Åttande september

Åttande september 1897 kom James Charles Rodgers til verda, truleg i Meridian i Mississippi. The Singing Brakeman Jimmy Rodgers var kjend for å jodle på den amerikanske måten, som er minst like enerverande som den austerriske. Mi platehylle byr på Rodgers sin stemmeprakt på samleplata Americas Blue Yodeler 1930-1931. Rodgers døydde av tuberkolose i 1933. I 1932 vart Virginia Patterson Hansley fødd i Winchester i Virginia. Patsy Cline hadde kometkarriere i countrymusikken før ho døydde i ei flyulukke, berre tretti år gamal, i 1963. Hjå meg kan Cline høyrast på to ulike samleplater som kom på marknaden lenge etter at flyet hennar traff bakken. I 1945 kom Kelly Groucutt til verda i Coseley i England. Bassisten Groucutt byrja i Electric Light Orchestra i 1974 og spelte med bandet frå til 1983. Hjå meg høyrer du Groucutt på samleplata Greatest Hits frå 1979. Groucutt døydde i 2009. I 1947 kom Benjamin Orzechowski til verda i Lakewood i Ohio. Benjamin Orr var bassist og songar i The Cars og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på studioplatene The Cars og Door To Door, i tillegg til samleplata Gratest Hits. Orr døydde i 2000. I skotske Arbroarth vart Morris David Brough Perth fødd. Morris Perth sitt bidrag til mi platehylle finn du på Marianne Faithfull si plate Broken English frå 1979, der han spelar perkusjon. Perth er også kreditert for å spele på utvalde spor på på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. Perth døydde i 2010. I 1950 vart Zachary Richard fødd i Lafayette i Louisiana. Cajun-musikaren Richard kan hjå meg høyrast med drivande accordionspel på Michelle Shocked si plate Captain Swing frå 1989, og på plata Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I 1952 kom William Franklin Lee IV til verda i San Antonio i skytegale Texas. Bassisten Will Lee er best kjend for arbeidet han har gjort med CBS Orchestra, som spelte for pratemaskina Dave Letterman på hans The Late Show. Hjå meg kan Lee sitt bidrag høyrast på platene After Hours, som Gary Moore slepte i 1992, og Rockinghorse, som er eit av Alannah Myles sine bidrag til populærkulturen, også den frå 1992. I 1960 kom David ”Shuffle” Steele til verda på den engelske festivaløya Isle Of Wight. Steele har spela i fleire band og kan hjå meg høyrast som bassist hjå Fine Young Cannibals på debutplata med same namn frå 1985. I Richmond i Virginia vart Aimee Mann fødd. Mann gjorde seg fyrst merkt i bandet ‘Till Thuesday, men har etter kvart etablert seg med eiga solokarriere. Dama trakterar bass i godt lag og det er vel få ting som er meir sexy enn ein kvinneleg bassist. Hjå meg finn du Mann si soloplate Lost In Space frå 2002. Mann kan også høyrast med vokalhjelp på Rush si plate Hold Your Fire frå 1987. I Lincolnshire kom Steve Waterman til verda. Trompetisten Waterman sitt bidrag til mi platehylle finn du på Van Morrison si plate Enlightenment frå 1990. Waterman er også kreditert for å spele trompet på eit spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1964 fekk familien Nielsen eit nytt bidrag då vetle Joachim kom til verda. Joachim ”Jokke” Nielsen var den notorisk rusa sjefen i bandet Jokke & Valentinerne, som gav ut fleire kritikarroste plater i perioden frå 1986 til 1994 og plukka med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. Jokke døydde av ein overdose heroin i 2000. I 1970 vart Neko Case fødd i Alexandra i den amerikanske delstaten Virginia. Case har gjeve ut ei rekkje soloplater, men hjå meg er det plata Electric Version, som The New Pornographers gav ut i 2003, hennar vokaliske bidrag kan høyrast. I 1972 kom Lance Bangs til verda i den californiske hovudstaden Sacramento. Produsenten Bangs er kreditert for noko så kurriøst som klapping på Foo Fighters si plate The Colour And The Shape frå 1997. Same dag slepte Mott The Hoople si femte studioplate, All The Young Dudes, med David Bowie som mentor og komponist for tittelsporet. Tittellåten er i dag signaturlåten for både eit nysamla Mott The Hoople og ein hardarbeidande Ian Hunter. I 1973 kom multiinstrumentalisten Gabrial McNair til verda. Gabe McNair har sitt eige band kalla Oslo, men er best kjend for arbeidet han har gjort med No Doubt, der han i mi platesamling høyrast medan han spelar keyboard og trombone på studioplatene Tragic Kingdom frå 1995, Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata Singles 1992-2003. McNair kan også høyrast medan han lagar blåselyd på Green Day si femte studioplate, Nimrod frå 1997, og på The Offspring si studioplate Americana frå 1998. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast i levande live på Marples i stålbyen Sheffield. I 1985 var Toy Dolls i containerhamnebyen Rotterdam og spela for publikum i West Krubkade. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den siste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 slepte Rush plata Hold Your Fire.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar