12.09.2017

Tolvte september

Tolvte september 1923 kom Joseph Shulman til verda i smeltedigelen New York City. I mi platehylle er det på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957 at bassisten Joe Shulman sitt arbeid kan høyrast. Shulman døydde i 1957. I 1931 vart George Glenn Jones fødd i Saratoga i skytegale Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel. Hjå meg kan Jones høyrast på plata Walls Can Fall frå 1992. Jones døydde i 2013. I 1938 kom Judith Grace Guions til verda i St. Pauls i North Carolina. Songerinna Judy Clay leverte sterke vokalprestasjonar i ulike vokalduoar på sekstitalet. Hjå meg kan Clay høyrast som bakgrunnssongar på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Clay døydde etter ei bilulukke i 2001. I 1944 vart Barry Eugene Carter fødd i Galveston i skytegale Texas. Barry White var artist og produsent og hausta fleire Grammy-titlar i løpet av karrieren. Hjå meg kan White høyrast på ei samleplate med det optimistiske namnet The Ultimate Collection. Barry White døydde i 2003. I 1949 kom Anders Bru til verda i Stavanger. Bru var med å starte Stavangerensemblet i 1974 og har skrive dei fleste låtane til bandet. Hjå meg høyrer du Bru i fri dressur på platene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1952 kom Neil Ellwood Peart fødd i Hamilton i kanadiske Ontario. Trommisen Neil Peart spelar til dagleg i det kanadiske bandet Rush, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). I 1954 vart Nigel Benjamin fødd i Hackney, nord i London. Gitaristen Benjamin var innom fleire lokale London-band før han slo seg saman med restane av Mott The Hoople. Her spelte han på platene Drive On & Shouting And Pointing, dei to platene som står i mi hylle. I 1956 vart Brian David Robertson fødd i skotske Clarkston. Gitaristen Brian «Robbo» Robertson er best kjend for arbeidet han har gjort i Thin Lizzy og Motörhead, hjå meg kan Robbo høyrast medan han trakterar gitaren på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1995. I London kom Barry Andrews til verda. Den tidlegare XTC-vokalisten Andrews kan i mi platehylle høyrast medan han spelar keyboard for Iggy Pop på plata Soldier frå 1980. I 1968 kom Reid Lawrence LaLonde til verda i Oakland i California. Gitaristen Larry LaLonde livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus, som har lurt plata Porc Soda frå 1993 inn i platehylla mi. Larry LaLonde yt også eit bidrag til mi platesamling når han spelar gitar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I Newport Beach i California vart Warren Fitzgerald fødd. Gitaristen Fitzgerald spelar til dagleg i The Vandals og kan i mi platehylle høyrast på plata The Quickening frå 1996. I 1976 var Led Zeppelin på plass i Mountain Studios i Montreux i den sveitsiske Alpane og spelte inn Bonzo’s Montreux. Songen kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1977 kom James Louis McCartney til verda i London. Som son av Paul og Linda McCartney har James eit opphav som forpliktar, og han innfrir. Hjå meg kan James McCartney høyrast medan han spelar gitar på faren si plate Flaming Pie frå 1997. I 1980 gav Andy Partridge og resten av XTC ut plata Black Sea. I 1981 vart Jennifer Kate Hudson fødd i Chicago i Illinois. Songerinna og skodespelaren Jennifer Hudson slo gjennom på fjernsynsfesjået American Idol i 2004. Hjå meg kan Hudson høyrast på eit spor på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. På kvelden spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes konsert på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein driftig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på konsertplata Master Of Madness. Same dag slepte Red Hot Chili Peppers plata One Hot Minute, som var bandet sitt sjette studioalbum. Plata selde mindre enn halvparten så mange eksemplar som den førre plata og var kommersielt sett skuffande. I 2000 heldt Rage Against The Machine fyrste konsert, av to, i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The GOA frå 2003. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døydde etter lengre tids sjukdom. I 2004 døydde Kenneth Buttrey. I 2014 døydde Joe Sample.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar