05.09.2017

Femte september

Femte september 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Songaren Freddie Mercury gjorde stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. Ingen Queen-plater i mi hylle enno, diverre. I mi platesamling er det som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976, at Mercury kan høyrast. Freddie Mercury døydde i 1991. I Chapel Hill i North Carolina vart Loudon Snowdon Wainwright III fødd. Artisten Loudon Wainwright er kan hende like kjend for å vere far til dei meir kjende artistane Rufus Wainwright og Martha Wainwright, men gamlingen er såpass merittert at han har karra til seg Grammy-pris på eiga hand. Det hendte i 2010 for plata High Wide & Handsome: The Charlie Poole Project, og kategorien var Best Traditional Folk Album. Mi platehylle byr på plata Attempted Mustache, som kom på marknaden så tidleg som i 1973. I 1947 kom Melvyn Desmond Collins til verda på øya Isle Of Man i Irskesjøen. Saksofonisten Mel Collins er best kjend for å spele i King Crimson og The Alan Parson Project. Hjå meg kan Collins høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1952 vart Ricky Fataar fødd i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Trommeslagaren Fataar tok plass på trommstolen i The Beach Boys då Dennis Wilson pådrog seg ein handskade i 1972 og spelte med strandgutane fram til 1980. Hjå meg kan Fataar sitt taktfaste spel høyrast på The Beach Boys si tjuande studioplate, 15 Big Ones frå 1976, og på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1963 kom John Peter Alderete til verda i Los Angeles i California. Bassisten Juan Alderete spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg kan han høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1968 vart Brad Wilk fødd i Portland i Oregon. Trommeslagaren Wilk heldt takten for Rage Against The Machine og Audioslave og kan høyrast på Rage Against The Machine sine studioplater Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), i tillegg til studioplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I 1973 kom Rose Arianna McGowan til verda i italienske Firenze. Songaren Rose McGowan har vore innom Marilyn Manson og hjå meg kan ho høyrast med vokal på songen Posthuman frå plata Mechanical Animals frå 1998. I 1975 gjorde Bob Seger & The Silver Bullet Band sin andre konsert på to dagar i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. I 1977 døydde George Barnes. I 1978 kunne dei som var interessert kjøpe Skynyrd’s First And....Last, som Jacksonville, Florida sine store, langhåra heltar i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd gav ut på denne dagen. I 1980 var dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på plass i Gateshead. High Feel Club var namnet på staden der dei kunne opplevast denne kvelden. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast i Bier Kellar i Leeds. I 1985 fekk dei frammøtte på Giganti i Appledoorn høyre godlyd frå energiske Toy Dolls. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den tredje av seks konsertar i legendariske Hammersmith Odeon. I 1987 var Toy Dolls i Winterhur for å spele på festival. I 1990 døydde Charlie Charles. I 1991 slepte NOFX si andre studioplate S&M Airlines, som var produsert av Brett Gurewitch. I 2006 slepte Audioslave si tredje studioplate Revelations, som er bandet si siste plate, så langt. I 2012 døydde Joe South.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar