02.09.2017

Andre september

Andre september 1946 vart William Everett Preston fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Tangentmannen Billy Preston har arbeida med så og seie alle dei store rockeartistane, som The Beatles, Bob Dylan, Little Richard, Eirc Burdon og Ray Charles. Hjå meg kan Preston høyrast medan han spelar piano for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. Preston døydde i 2006. I 1951 kom Michael Kaminski til verda i engelske Harrogate. Fiolinisten Mik Kaminski er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1952 kom Fritz McIntyre til verda i Brimingham. Tangentmannen McIntyre var ein av grunnleggjarane av Simply Red og kan hjå meg høyrast på plata Stars frå 1991. I 1956 festa Elvis Presley, men hjelp av The Jordanaires, Too Much til platerullane. I 1957 vart Steven Maxwell Porcaro fødd i Hartford i Connecticut. Tangentmannen Steve Porcaro er best kjend for å vere ein av grunnleggjarane av Toto, men hjå meg finn du arbeidet hans på andre artistar sine plater. Det vil seie Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, på Michael Jackson si plate Off The Wall, som kom på marknaden i 1979, og på Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. I 1958 kom Jerome Stanley Agustyniak til verda i Sloan i delstaten New York. Trommeslagaren Jerry Agustyniak held til dagleg takten for 10 000 Maniacs og hjå meg kan han høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Man’s Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1977 vart Samuel Robert Rivers fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Sam Rivers er bassist i rapmetallbandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs frå 2001. I 1983 spela Toy Dolls for trufaste fans på Feltham Football Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Alabamahalle i München og dei frammøtte fekk sjå at Dean James var attende i bandet, klar for ein ny periode, som bassist denne gongen. I 1996 gav Suede ut plata Coming Up, dette var bandet si tredje studioplate. I 2001 døydde Jay Migliori.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar