04.09.2017

Fjerde september

Fjerde september 1920 kom Harold B. Jackson til verda i Wilmington i North Carolina. Harold «Shot» Jackson har livnært seg ved å spele eksotiske instrument som dobro og steel guitar og kan i mi platehylle høyrast på mellom anna Johnny Cash si plate Ride This Train frå 1960. Jackson døydde i 1991. I 1945 vart Daniel Wood Gatton fødd i Washington D.C. Gitaristen Daniel Gatton var kjend for å blande rockabilly, jazz og country på sin særeigne måte og er av fleire magazin rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Gatton sitt gitarspel høyrast på Chris Isaak si plate San Francisco Days frå 1993. Gatton tok sitt eige liv i 1994. I 1951 kom Martin Dale Chambers til verda i engelske Hereford. Trommisen Martin Chambers har tent til livets opphald som rytmehaldar for The Pretenders, og hjå meg kan han høyrast i taktfast arbeid på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995, og i samarbeid med Tom Jones på eit spor hans studioplate Reload frå 1999. I 1956 vart W.A.S.P.-sjef Blackie Lawless fødd som Steven Edward Duren på Staten Island i New York og vegen låg open for eit liv i skrekkrocken si teneste. Som livslang fan passar det at underteikna fekk sjå gamle heltar for andre gong i Bergen i oktober 2010, fyrste møte i 2005 gav absolutt meirsmak. Lawless sitt bidrag til mi platehylle er ei samleplate som heiter First Blood…Last Cuts og kom på marknadenen i 1993. I 1960 kom Kim Thayil til verda i Seattle i Washington. Gitaristen Thayil grunnla Soundgarden saman med Chris Cornell og kan hjå meg høyrast på studioplatene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994). I 1965 kom Jesper Binzer til verda i København. Binzer er vokalist og gitarist i D-A-D og kan hjå meg høyrast på den kritikarroste plata Soft Dogs frå 2002. I 1970 kom Igor Graziano Cavalera til verda i Belo Horizonte i Brazil. Igor Cavalera var trommeslagar i Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1972 kom Guto Daffyd Pryce til verda i Cardiff. Guto Pryce er bassist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har to bidrag til mi platehylle, studioplata Love Kraft (2005) og samleplata Songbook The Singles Vol. 1 (2004). I 1975 vart Mark Daniel Ronson fødd i den trendy bydelen Notting Hill i London. Mark Ronson er best kjend som plateprodusent, men spelar gjerne med for dei artistane han produserar og kan hjå meg høyrast med ulike instrument på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. Same kveld spelte Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Konserten kan høyrast på plata Live Bullet, som kom på marknaden i 1976. I 1981 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Nine Tonight. Same dag vart Beyoncé Giselle Knowles fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Jentebandet Destiny’s Child sitt mest profilerte medlem, Beyoncé, sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Missy Elliott si plate Under Construction frå 2002. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i Trade and Labour Club i Hebburn. I 1984 fekk fjernsynssjåarane høve til å oppleve AC/DC på BBC One. Programmet hadde tittelen Late Night In Concert og sjåarane fekk oppleve Guns For Hire og Dirty Deeds Done Dirt Cheap. Det er uvisst om dette opptaket er gjort syttande, eller attande november året før, det som er sikkert er at det vart spela inn i bilbyen Detroit i Michigan og at det i dag er tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 var Toy Dolls i Holland og spelte for fansen på De Boorderis i Zoetemeer. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den andre av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 spelte R.E.M inn Last Date som fekk evig liv som B-side på It’s The End Of The World As We Know It (And I Feel Fine) og eller kan høyrast på samleplata Document. I 1990 kom Ministry si fyrste konsertplate, In Case You Didn’t Feel Like Showing Up. I 2006 slepte dødsbuet etter Freddie Mercury samleplata Lover Of Life, Singer of Songs, som var ei dobbelplate med det beste Mercury gjorde musikalsk når han ikkje arbeidde saman med resten av karane i Queen. I 2015 døydde Rico Rodiguez.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar