03.09.2017

Tredje september

Tredje september 1942 kom Alan Charles Jardine til verda i Lima i Ohio. Al Jardine vart, etter at familien flytta til Hawthorne i California, kompis med Wilson-brørne i The Beach Boys, og etter det var kursen som gitarstjerne staka ut. Hjå meg kan Jardine sine gitartriller høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), i tillegg til samleplatene Summer Dreams og Super Hits. I 1947 vart Eric Robin Bell fødd i nordirske Belfast. Gitaristen Eric Bell var ein av grunnleggjarane av Thin Lizzy og spela saman med Phil Lynnot på dei tre fyrste studioplatene bandet slepte. Hjå meg kan Bell sitt gitarspel høyrast på utvalde spor på samleplata Dedications, som kom på marknaden i 1991. I 1948 vart Don Brewer fødd i Flint i Michigan. Brewer si karriere omfattar både Grand Funk Railroad og Silver Bullet Band og i mi platesamling kan trommespelet hans høyrast på GFR-platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1955 kom Stephen Philip Jones til verda i London. Steve Jones var originalbassist i Sex Pistol, men vart etter kvart erstatta av Sid Vicious. I mi platehylle kan Jones i tillegg høyrast som hjelpebassist for Joan Jett & The Blackhearts på plata I Love Rock ‘N Roll frå 1981. På andre sida av verda vart Robert George Hirst fødd i Camden i New South Wales. Trommeslagaren Rob Hirst var ein av grunnleggjarane av Midnight Oil i 1976, og han heldt ut med bandet til dei gav seg i 2002. Mi platehylle byr på studioplatene Diesel And Dust (1987) og Blue Sky Mining (1990), i tillegg til konsertplata Scream In Blue-Live frå 1992. I 1960 kom italienskætta Perry Archangelo Bamonte til verda i London. Gitaristen Perry Bamonte er best kjend for arbeidet han gjordre med The Cure og hjå meg høyrer du han på plata Wild Mood Swings frå 1996, ei plate han var med å delprodusere. I 1979 vart David Godfrey Chelsom Vogt fødd i Norge. Fiolinisten David Chelsom Vogt er i mi platehylle kreditert for både felespel og hånklapping på Seargant Petter si plate It’s A Record frå 2003. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den fyrste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1990 slepte George Michael si andre soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1. I 1993 slepte Dream Theater konsertplata Live At The Marquee. I 2001 slepte Motorpsycho si niande studioplate, Phanerothyme. I 2010 slepte Imelda May si andre studioplate, Mayhem, på heimemarknaden i Irland, same dag som Mike Edwards døydde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar