16.09.2017

Sekstande september

Sekstande september 1925 kom Riley B. King til verda i Itta Bena i elvedelstaten Mississippi. B.B. King vert rekna som ein av verdas desidert framste gitaristar og har underheldt små og store bluesfans sidan han signerte kontrakt med RPM Records i 1949. Insatsen er etterkvart løna med fleire Grammy-prisar og ein plass i prestisjetunge Rock’n Roll Hall Of Fame. I mi platehylle kan King sitt gitarspel nytast i friskt samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton, på plata Riding With The King frå 2000. King spelar også gitar på songen Since I Met You Baby på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. King døydde i 2015. I 1934 vart Joseph Ronald Drew fødd ikkje langt frå den irske hovudstaden Dublin. Ronnie Drew spelte fleire periodar i dei irske folk-legendene The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, som vart spela inn i under eit radioshow i Amsterdam i 1985. Drew døydde i 2008. I 1942 kom Bernie Calvert til verda i engelske Brierfield. Calvert var bassist og tangentmann for The Hollies frå 1966 til 1981 og kan i mi platehylle høyrast på den høgs uoffisielle samleplata 20 Great Love Songs. I 1946 vart Kenneth Thommas Jones fødd i London. Trommeslagaren Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan Jones høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, og på Joan Armatrading si sjølvtitulerte plate frå 1976. I 1957 kom Anna Simion til verda i rumenske Câmpulung Moldovenesc. Jazzsongerinna Anca Parghel (Parchel) var ei levande legende i heimlandet Romania, men hadde sine mest produktive år i utlendighet i Brussel. Hjå meg kan du høyre Parghel si røyst på tre spor på Wizard Of Ooze si plate The Dipster, som kom på marknaden i 1997. Anca Parghel døydde i 2008. I 1961 kom Bilinda Jayne Butcher til verda i metropolen London. Bilinda Butcher er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine og hjå meg kan ho høyrast på studioplatene Isn’t Anyting (1988) og Loveless (1991). I 1963 kom Richard Noel Marx til verda i Chigaco i Illinois. Songaren Richard Marx, med fleire halvstore hits i heismusikk-sjangeren, kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1977 døydde Marc Bolan. I 1999 gav Tom Jones ut plata Reload, som inneheld megahiten Burning Down The House, ein song som var eit samarbeid med svenske The Cardigans og revitaliserte karrieren for den gamle rundbrennaren. I 2006 døydde Mary Travers. I 2011 døydde Willie “Big Eyes” Smith.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar