18.09.2017

Attande september

Attande september 1933, det var ein mondag, var Blind Willie McTell og partnaren Curly Weaver i studio i New York City og spela inn You Was Born To Die, Lord Have Mercy If You Please og Don’t You See How The World Made A Change. Effektive McTell spela I tillegg inn Savannah Mama, Broke Down Engine, Broke Down Engine No. 2 og My Baby’s Gone på eiga hand. Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1951 vart Douglas Glenn Colvin fødd i Fort Lee i Virginia. Bassisten Dee Dee Ramone var ein uvurderlig del av punkbandet Ramones, både som bandet sin primære låtskrivar, og som songar, i tillegg til hovudoppgåva som bassist. Hjå meg kan Dee Dee Ramone sitt basspel høyrast på studioplatene Leave Home (1977), End Of The Century (1980) og Pleasant Dreams (1981), og samleplata Ramones Mania (1988). Dee Dee Ramone døydde av ein overdose heroin i 2002. I 1953 kom Carl Eugene Jackson til verda i Louisville i Kentucky. Songaren Carl Jackson lev greitt innom country- og bluegrassjangeren. I mi platehylle kan Jackson høyrast på utvalde spor på Dwight Yoakom si samleplate In Others Words frå 2003. I 1962 kom Anthony Harnell til verda i San Diego i California. Tony Harnell har ei fortid som songar i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios i London med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døydde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vekse seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit kasino i Las Vegas gjer at det hender eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei to aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle upon Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platina i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar