06.09.2017

Sjette september

Sjette september 1941 vart Michael Waller fødd i London-bydelen Hammersmith. Trommeslagaren Micky Waller byrja å herje på dei britiske platelistene tidleg på sekstitalet med The Steampacket og The Jeff Beck Group. Hjå meg høyrest Waller på plata Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, og på Billy Bragg si plate Workers Playtime frå 1988. Waller døydde i 2008. I 1942 kom David Bargeron til verda i New York City. Dave Bargeron har vore fast inventar i blåserekkja i Blood Sweat & Tears, i tillegg til at han har spelt både trombone og tuba med fleire store namn, som mellom anna Mick Jagger, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter gav ut i 1976, og på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1943 vart George Roger Waters fødd i Great Bookham i engelske Surrey. Roger Waters var ein av grunnleggjarane av Pink Floyd, eit band han forlèt i 1985. Waters har seinare gjeve ut tre soloalbum og ei sceneoppsetjing av meisterverket The Wall. Hjå meg kan ein høyre Waters på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, ei av verdas mestselgjande plater, og på soloplata Amused To Death frå 1992. I 1948 kom Clydes Charles Smith til verda i Jersey City i New Jersey. Gitaristen Clydes Smith var ein av grunnleggjarane av Kool & The Gang og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på samleplata Anthology – 20 Greatest Tracks frå1991. Smith døydde i 2006. I 1952 kom Steven P. Miller til verda i Fairborn i Ohio. Gitaristen Buddy Miller kan i mi platehylle høyrast på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1953 kom Herwig Rudolf Mitteregger til verda i austerrikske Mautern. Trommisen Herwig Mitteregger sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Nina Hagen Band si plate Unbehagen frå 1979. I 1956 vart Sakari Jyrki Kuosmanen fødd i finske Helsinki. Saku Kuosmanen var ein av fleire songarar i Leningrad Cowboys og hjå meg kan han høyrast på plata som følgjer filmen Leningrad Cowboys Go America frå 1989. I 1957 var Elvis Presley i studio saman med gruppa The Jordanaires for å spele inn låta Don’t. I 1961 kom Scott Travis til verda i Norfolk i Virginia. Trommeslagaren Travis er best kjend for å halde takten for Judas Priest og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata Metal Works ’73-’93 frå 1993. I 1971 kom Dolores Mary Ellen O’Riordan til verda i irske Limerick. Dolores O’Riordan er vokalist i det irske bandet The Cranberries. Røysta til O’Riordan kan høyrast på platene Everybody Else Is Doing It, So Why Can’t We (1993) og To The Faithful Departed frå 1996, som begge er på plass i hylla, og ein skal ikkje sjå bort frå at det vert meir frå den kanten. I 1972 vart Eugene Hütz fødd i Kiev i Ukraina. Hütz, som også livnærer seg som komponist og skodespelar, er best kjend som frontmannen i det amerikanske punkrockbandet Gogol Bordello og kan i mi platesamling høyrast på EP-plata East Infection frå 2005, og studioplata Trans Continental Hustle frå 2010. I 1974 kom Nina Elisabet Persson til verda i svenske Örebro. Songerinna Nina Persson syng til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på kjempehiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1978 filma AC/DC Sin City for ABC sitt program The Midnight Special. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Newcastle, nærare bestemt i Old Hall Pub. Etter konserten tok trommeslagar Dean James ein pause som skulle vare fram til 1985. I 1984 såg dei frammøtte på Bier Kellar i Blackpool Toy Dolls underhalde frå scenen. I 1985 fekk publikum på Simplon i Gronningen eit gjensyn med Toy Dolls. I 1986 slepte Iron Maiden Wasted Years som fyrste singel frå plata Somewhere In Time. Singelen når attandeplass og bandet nyttar kvelden til å spele sin fjerde konsert på rad i Hammersmith Odeon som oppvarming for turneen Somewhere On Tour. I 1990 døydde Tom Fogerty. I 1994 døydde Nicky Hopkins og Bad Religion slepte sitt åttande studioalbum, Stranger Than Fiction. I 1997 døydde Roy Huskey Jr. I 2002 døydde Erma Franklin. I 2011 døydde Wardell Quezergue.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar