15.09.2017

Femtande september

Femtande september 1928 kom Julian Edwin Adderley til verda i Tampa i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Cannonball Adderley har spela med fleire store, amerikanske jazzartistar og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959. Adderley døydde i 1975. I 1954 var Chet Baker i studio og spela inn Stella By Starlight. Til å hjelpe seg med smektande jazztonar denne dagen hadde han eit band beståande av Bob Brookmeyer Valve på trombone, Bud Shank på barytonsaksofon, pianisten Russ Freeman, Carson Smith på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er rett stad for den som vil høyre denne perla. I 1960 vart Michel Dorge fødd i forblåste Winnipeg i Canada. Trommeslagaren Mitch Dorge spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1967 kom Huw Cennydd Bunford til verda i Cardiff. Huw Bunford er gitarist i det walisiske bandet Super Furry Animals og kan høyrast på platene Love Kraft og Songbook vol 1. I 1969 gjekk Jimi Hendrix i gang med innspelinga av songen Steppingstone. Med seg på denne innspelinga hadde han Mitch Mitchell på trommer og Billy Cox på bass. I 1976 kom Paul Robert Jude Nester Thomson til verda Glasgow. Paul Thomson er ansvarlig for den stødige takten i det skotske indiebandet Franz Ferdinand. Hjå meg kan Thomson høyrast på platene Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1980 døydde Bill Evans. I 1984 fekk verda servert Motörhead si No Remorse-plate på denne datoen. Same dag kom Iron Maiden sitt bidrag til ein god platehaust, Powerslave. Eg legg ikkje skjul på at eg er stolt av å eige begge desse platene. I 1987 vert datoen hugsa for at det var den dagen Ramones gav ut Halfway To Sanity. Plata vart spela inn i Intergalactic Studios i New York i mars og april same år og dei skinnkledde gjorde produksjonen sjølv, i samarbeid med Daniel Ray. I 2004 tapte Johnny Ramone ein lang kamp mot kreften på denne datoen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar