11.09.2017

Ellevte september

Ellevte september 1943 kom Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York City. Trommeslagaren Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei konsertplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane medan dei turnerte saman med Bob Dylan. Mickey Hart er også kreditert for å holde takten for David Crosby på hans debutsoloplate If I Could Only Remeber My Name frå 1971, også her spelar Hart saman med Rhythm Devil-kollega Bill Kreutzmann frå Grateful Dead. I 1945 vart Leo Kottke fødd i universitetsbyen Athens i Georgia. Gitaristen Kottke sine foreldre flytta så ofte gjennom oppveksta at han skal ha hatt adresse i tolv ulike statar før han var ferdig med grunnskulen, og spesielt skal tida i Oklahoma ha påverka det musikalske uttrykket hans. Kottke sin spesielle spelestil skal skyldast ein muskelsjukdom. I mi platehylle er Kottke kreditert for å traktere gitaren på Violent Femmes si studioplate The Blind Leading The Naked frå 1986. I 1947 vart Robert Adrian Catley fødd i engelske Aldershot. Bob Catley si røyst har vore med å prega lydbildet i det engelske hardrockbandet Magnum frå starten og han kan hjå meg høyrast på studioplatene Kingdom Of Madness (1978), Magnum II (1979), og konsertplata Marauder frå 1980. I Leeds kom John Porter til verda. Plateprodusenten Porter er i mi platehylle kreditert for å spele på The Smiths si studioplate Meat Is Murder frå 1986 og samleplata Louder Than Bombs frå 1987. I 1960 kom Neal Whitmore til verda i Market Drayton i Shropshire. Gitaristen Neal X spelte tidlegare i Sigue Sigue Sputnik og hjå meg kan han høyrast på plata Flaunt It frå 1986. I 1965 kom Richard Melville Hall til verda i Harlem i New York. Moby er ein multiinstrumentalist og DJ som har gjeve ut plater under mange ulike artistnamn. I mi platehylle kan du finne platene Play og Play: The B-Sides, begge frå 2000. Moby varma opp for Red Hot Cilli Peppers i Oslo Spektrum i 1996, ein konsert eg var heldig å få vere til stades på. I 1971 kom Richard Paul Ashcroft til verda i engelske Wigan. Richard Ashcroft var vokalist i The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1977 vart Jonathan Mark Buckland fødd i London. Johnny Buckland er gitarist i Coldplay og hjå meg kan han høyrast på plata X&Y frå 2005. Dagen bydde også på ein nyfødd rapartist i Champaign i Illinois. Christopher Brian Bridges er kjent under scenenamnet Ludacris og hjå meg finn du hans vokalbidrag på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002, i tillegg til Snoop Dogg si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss frå 2002. I 1986 var Toy Dolls og heldt konsert på Rockhouse i Derby. I 1987 vart den jamaicanske reggaeartisten Peter Tosh drepen i sin eigen heim, førtitre år gamal. I 1989 slepte Eurythmics si åttande studioplate, We Two Are One, og Melissa Etheridge slepte Brave And Crazy, hennar andre studioplate. I 1993 var dei engelske blueslegendene Bernie Marsden og Mick Moody i Hell i Trøndelag for å spele på Hell Blues Festival. Til å hjelpe seg på scena hadde dei to veteranane bassisten Peter Stroud, som har vore innom i Sheryl Crow sitt band, og trommeslagar John Trotter, som seinare var innom i legendariske Mannfred Mann’s Earth Band. Konserten vart seinare gjeven ut på plate med tittelen The Moody Marsden Band Unplugged Live In Hell. I 1995 nytta Blur høvet til å gje ut studioplate nummer fire, The Great Escape. I 2001 gav Bob Dylan ut plata Love And Theft, og Boz Scaggs slepte plata Dig. I 2006 slepte Stonegard si andre studioplate, From Dusk Till Doom. I 2007 døydde Joe Zawinul. I 2009 døydde Jim Carroll. I 2014 døydde John Gustavson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar