14.09.2017

Fjortande september

Fjortande september 1933, det var ein torsdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i New York City og spela inn Warm It Up To Me, It’s Your Time To Worry og It’s A Good Little Thing. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1949 vart Edward C. King fødd i Glendale i California. Gitaristen Ed King var med i det attforeina Lynyrd Skynyrd i 1987, men forlét bandet grunna hjarteproblem i 1996. Hjå meg kan King sitt gitarspel høyrast på studioplata Lynyrd Skynyrd 1991. I West Virginia kom Frederick Dewey Smith til verda. Saman med resten av MC5 gav gitaristen Fred «Sonic» Smith ut tre studioplater som var med å revolusjonere den meir rufsete delen av rocken, før bandet av ulike årsaker fann det like greitt å skilje lag. Sonic Smith var gift med Patti Smith frå 1980 og spelte også ein kort periode i Patti Smith Band før han døydde i 1994. Hjå meg kan Smith sitt gitarspel høyrast på MC5 si studioplate Back In The USA frå 1970. I 1952 vart Deborah Gray fødd i New York City. Songerinna Diva Gray vert rekna som ei av populærmusikken sine best bevarte løyndomar og har songe bakgrunnsvokal for største delen av eliten av amerikanske artistar. Hjå meg kan Diva Gray si røyst høyrast på platenen Gene Simons Solo Album (Kiss, 1978), Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (Talking Heads, 1982), Never Let Me Down (David Bowie, 1987), og Sister Sledge (Sister Sledge, 1996). I 1955 kom Steve Berlin til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saksofonisten Berlin er best kjend for å spele i Los Lobos. Hjå meg finn du Berlin medan han leikar seg i hobbybandet sitt, Tuatara på plata Trading With The Ennemy frå 1998, elles er han kreditert for å spele på plata Document, som R.E.M. slepte i 1987. Berlin kan også høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1970 vart Mark Andrew Webber fødd i engelske Chesterfield. Gitaristen Mark Webber var tidlegare formann i Pulp sin fanklubb, men vart headhunta til å spele med bandet i 1995. Hjå meg kan Webber høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1983 vart Amy Jade Winehouse fødd i London. Amy Winehouse er best kjend for songen Rehab og eit stormfullt ekteskap med den valdelege ektemannen Blake Fielder-Civil. Eit ublidt møte med politiet i Bergen skapte litt ekstra blest rundt den rusavhengige syngedama her heime. Hjå meg kan ein høyre Winehouse si andre studioplate Back To Black frå 2006. Winehouse døydde av ein overdose i 2011. I 1987 spelte R.E.M. levande musikk for Vara Radio i Holland. Songen Time After Time etc. kan høyrast på samleplata Dockument, i tillegg til som B-side på Finest Worksong. I 1992 fekk platekjøparane høve til å investere i konsertplata A Little Light Music. Mennene som stod for musikken kallar seg for Jethro Tull. I 1993 oppsummerte Violent Femmes dei fyrste åra av karrieren si med plata Add It Up (1981-1993). På same dag platedebuterte New York-bandet Piss Factory, som hadde tatt namnet sitt frå ein Pattie Smith-låt, med ei plate som fekk same sjarmerande namn som bandet. Nasegrus hylling av den vitale punkprinsessa med andre ord. Også Meat Loaf fann det bryet verdt med å yte eit bidrag til platehyllene denne dagen. Produktet fekk titelen Bat Out Of Hell II og var eit nytt samarbeidsprosjekt med suksesskomponisten Jim Steinman. I 1998 slepte Manic Street Preacher si femte studioplate, This Is My Truth Tell Me Yours, same dag som Marilyn Manson slepte si tredje studioplate, Mechanical Animals, på den australske marknaden, resten av verda måtte vente til dagen etter. I 2004 gav The Modfather, Paul Weller, ut plata Studio 150. I 2009 platedebuterte det fantastiske Loddefjord-bandet John Olav Nilsen Og Gjengen med den like fantastiske plata For Sant Til Å Være Godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar