13.07.2017

Trettande juli

Trettande juli 1928 vart Leroy Vinnnegar fødd i Indianapolis i Indiana. Bassisten Vinnegar sitt stødige spel kan i mi platesamling høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Vinnegar døydde i 1999. I 1942 kom James Joseph McGuinn III til verda i bluesbyen ved dei store sjøane, Chicago i Illinois. Med førenamnet forkorta til Roger gjorde unge McGuinn suksess som leiar av countryrockgruppa The Byrds på 1960-talet. I mi platesamling har Roger McGuinn tatt plass med platene Fifth Dimension, som var The Byrds si tredje studioplate og vart slept laus på platekjøparane i 1966, og på soloplata Roger McGuinn And Friends frå 1975, i tillegg til at han kan høyrast som gitarist på Bob Dylan si filmmusikkplate Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1950 vart Peter Goalby fødd i engelske Wolverhampton. Goalby var vokalist for Uriah Heep i perioden 1982-1986 og spela inn tre plater med bandet. I mi platehylle kan Goalby si røyst høyrast på studioplata Abiminog frå 1982, og på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark (1991). I 1955 vart Mark Glickman fødd i West Hempstead i New York. Bassisten Mark ”The Annimal” Mendoza har vore innom både The Dictators og Blackfoot, men er best kjend som ein sentral del av rytmeseksjonen i det amerikanske glamrockbandet Twisted Sister, som herja listene på åttitalet. Hjå meg kan Mendoza høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I engelske Bristol kom Chris White til verda. Saksofonisten White har spela med både Dire Staits og Tom Jones, men er best kjend for å spele med Bryan Ferry. I mi platehylle høyrer du White sitt saksofonspel på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1999. I 1957 slepte Elvis Presley ei singelplate med Don’t be Cruel og Hound Dog. Singelen låg på fyrsteplass i elleve veker i USA, i England nådde han andreplass. I 1970 kom The Who-singelen The Seeker ut og plasserte seg etter kvart på ein nittandeplass på listene. Same dag nytta Uriah Heep sjansen til å platedebutere med Very ‘Eavy, Very ‘Umble. I 1973 slepte Bob Dylan plata Pat Garret & Billy The Kid som også var soundtrack for filmen med same namn. I 1979 var AC/DC på scenen i Riinhallen i Arnhem. Eit tjuefem minuttar langt opptak frå nederlandsk fjernsyn kan sjåast på DVD-plata Let There Be Rock og bandet spelte Highway To Hell, Bad Boy Boogie, The Jack, (I’m A) Rocker og den fantastiske songen om den tasmanske kjempedama, Whole Lotta Rosie. På DVD-samlinga Plug Me In er Rocker utelatt, men denne byr på så mykje anna gromme greier at den absolutt burde stå på pensumlista. I 1981 spelte Toy Dolls i Legions Club i South Shields. I 1982 viste BBC One delar av AC/DC sin opptreden i Largo/Landover året før. Dette var fjernsynssjåarane sitt første høve til å stifte kjennskap med opptaket av Back In Black og T.N.T., som ein i dag kan nyte på DVD’en Plug Me In. I 1984 var Toy Dolls i Los Angeles og spelte på Olympic Auditorium. I 1991 spelte Slayer i Lakeland i pensjoniststaten Florida, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Dacade Of Aggression, som kom på marknaden seinare same året. I 1999 slepte Protein plata Songs About Cowgirls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar