08.07.2017

Åttande juli

Åttande juli 1944 vart John Johan Johanson fødd i Ocean Springs i Mississippi. Jai Johanny Johansson nyttar også aliaset Jaimoe når han utøver sitt daglege virke som trommeslagar. Jaimoe er best kjend for det arbeidet han har gjort saman med The Allman Brothers Band, som han var med å grunnleggje i 1969, og hjå meg kan han høyrast på konsertplata An Evening With The Allmann Brothers Band: First Set frå 1992. I 1949 kom Colin Walker til verda i engelske Minchinhampton. Cellisten Walker var innom Electric Light Orchestra tidleg på syttitalet og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1961 kom Andrew John Leonard Fletcher til verda i den tradisjonsrike fotballbyen Nottingham. Andy Fletcher har ei fortid som bassist, men er best kjend for å traktere synth i Depeche Mode. Hjå meg kan Fletcher høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1970 var dette dagen multiinstrumentalisten og musikkgeniet kjent som Beck (Hansen) kom til verda i Los Angeles i California. Den gongen fekk han namnet Bek David Campell. Beck er eit samplingfantom som i tillegg til ulike instrument, nyttar samplingar frå ei rekkje andre artistar. I boka No Logo av Naomi Klein påstår forfattaren at plateselskapet hans tving andre artistar, som til dømes James Brown, til å låne ut rettane til musikken sin rimeleg for å fronte den vetle mannen sin musikk. Til tross for slike alvorlege skuldingar, i mi hylle finn ein likevel platene Odelay frå 1996, Midnite Vultures frå 1999 og Guerolito frå 2005. I 2003 slepte Fun Lovin’ Criminals samleplata Scooby Snacks The Collection. I 2012 døydde Lionel Batiste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar