10.07.2017

Tiande juli

Tiande juli 1938 kom Arnold Lawrence Finkelstein til verda i det som vert rekan som den norskaste New York City-bydelen, Brooklyn. Saksofonisten Arnie Lawrence hadde returnert til instrumentet han trakterte i ungdomstida då han spelte klarinett for Ian Hunter på studioplata All American Alien Boys frå 1976. Lawrence døydde i 2005. I Brady i skytegale Texas vart David Kirby fødd. Mannen bak udødlege (Is Anybody Going To) San Antone kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på utvalde spor på Dolly Parton si Greatest Hits-plate, som kom på marknaden i 1982. Kirby døydde i 2004. I 1939 vart John B. Richmond til verda i Newton i Massachusetts. Fritz Richmond vart rekna som ein av verdas framste artistar på så pass utradisjonelle instrument som vaskebrett og mugge. Hjå meg kan Richmond høyrast på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå september 1974. Richmond døydde av lungekreft i 2005. I 1942 kom Ronald James Padavona til verda i Portsmouth i New Hampshire. Italienskætta Ronnie James Dio vert rekna som verdas største vetle heavy metall-artist og har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell i tillegg til hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil frå 1987 to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort meir enn det som kan forventast for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver (1983) og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla, saman med ei obskur bootleg-plate frå tida med Black Sabbath, Reviviscence!, som kom ut på italienske Robspierre Records i 1992. Plata er visstnok spela inn av ein publikummar under Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia tolvte september i 1992 og har ein slett lydkvalitet, men er sjølvsagt interessant nok for blodfansen. Dio døydde diverre av kreft i 2010. I 1947 vart Claudio Pascoli fødd i italienske Monfalcone. saksofonistenI 1954 vart Neil Francis Tennant fødd ikkje langt frå hamnebyen Newcastle upon Tyne. Neil Tennant er mannen med den karrismatiske røysta i electronicaduoen Pet Shop Boys, og hjå meg høyrer du han på plata Introspective frå 1988, i tilleg til Robbie Williams si plate I’ve Been Expecting You frå 1998. I 1960 kom den Martyn Paul Casey til verda i Chesterfield i England. Den australske bassisten Martyn P. Casey er best kjend for arbeidet sitt i Nick Cave sitt band The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1962 kom Grant Kirkhope til verda i den skotske hovudstaden Edinburg. Lyddesignaren Kirkhope kan i mi platehylle høyrast med han spelar trompet på Thunder si andre studioplate Laughing On Judegement Day frå 1992. I 1963 vart Andrew Giddings fødd i det engelske grevskapet Kent. Giddings spelte keyboard i Jethro Tull i åra frå 1991 til 2007 og spelet kan i mi platesamling nytast på studioplata Catfish Rising frå 1991. I 1969 slepte Aretha Franklin singelen Share Your Love With Me. I 1974 kom Imelda Mary Clabby til verda i Dublin. Imelda May er det irske håpet på rockabillyfronten og leverte ein sterk konsert under Bergenfest 2011. Hjå meg kan vegetarianaren May høyrast på platene Love Tattoo (2008) og Mayhem (2010). I 1983 var Toy Dolls i Shineyrow Club i Sunderland. I 1988 spelte Toy Dolls festivalkonsert i franske Lille. I 2000 platedebuterte Coldplay med Parachutes. I 2001 slepte Melissa Etheridge si sjuande studioplate, Skin. I 2002 døydde Alan Shulman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar