03.07.2017

Tredje juli

Tredje juli 1962 var Count Basie i studio og festa I Got It Bad (And That Ain’t Good) til platerullane, solist var Eric Dixon på tenorsaksofon. Resultatet høyrer du på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1964 gav The High Numbers ut sin fyrste singel I’m The Face. Songen var innspelt i Fontana Studios i London i juni same året. Gruppa vart seinare kjend som mod-ikona The Who og tok låten frå fyrste halvleik av sektstitalet med når dei slepte samleplata Odds & Sods i 1974. I 1969 vart Kevin Neil Hearn fødd i Grimsby i kanadiske Ontario. Tangentmannen Kevin Hearn slo seg saman med Barenaked Ladies i 1995 og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones med hans versjon av ein av deira songar på plata Reload frå 1999. I 1971 vart Jim Morrison funnen daud i eit badekar i Paris. I 1975 kom Javier Andrés Weyler til verda i Buenos Aires i Argentina. Trommisen Javier Weyler overtok trommestolen i Stereophonics etter Stuart Cable og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Language. Sex. Drugs. Other? frå 2005. Weyler gav frå seg trommestolen i bandet i 2012 og gjev i dag ut plater under aliaset Captain Melao. I 2001 slepte duoen The White Stripes plata White Blood Cells, som var deira tredje studioplate og den siste på eit uavhengig plateselskap. Produsent var frontmann Jack White. I 2006 slepte Muse si fjerde studioplate, Black Holes And Revelations, på den engelske marknaden. Dette fungerar som offisiell sleppdato sjølv om plata allereie hadde vore tilgjengeleg ei vekes tid i Japan. I 2007 døydde Boots Randolph.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar