26.07.2017

Tjuesjette juli

Tjuesjette juli 1939 vart Casey Jones fødd i Nitta Yuma i Minnesota. Trommisen Jones kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Johnny Winter på studioplata Guitar Slinger frå 1984. I 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard. Han er også kjend for fleire forhold til profilerte fotomodellar, noko som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. Jagger er også kreditert for vokalhjelp på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, og han syng duett med reggealegenda Peter Tosh på songen (You Gotta Walk) Don’t Look Back, som du finn på samleplata The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1949 vart Roger Meddows Taylor fødd i Dersingham. Trommeslagaren Roger Taylor er best kjend for å halde takten i Queen, men i mi platehylle han kan høyrast som korist på songen You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys, som var Ian Hunter sitt bidrag til musikkhistoria i 1976. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn Sweet Lorraine og Minor Yours. Bandet bestod av Pete Jolly på piano, bassisten Leroy Vinnegar og Stan Levey på trommer. På Minor Yours spelte også saksofonistane Art Pepper og Richie Kamuca. Begge songane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1965 vart James William Lindberg fødd i Hermosa Beach i California. Jim Lindberg er best kjend som songaren i bandet Pennywise, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre han synge gjestevokal på songen Marked frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994, og på plata Splinter, som var The Offspring sitt bidrag til populærkulturen i 2003. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen The House That Jack Built. B-sida var ein versjon av Burt Bacharach sin I Say A Little Prayer. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døydde Brent Mydland. I 2007 døydde «Uncle» John Turner. I 2010 døydde Ben Keith. I 2011 døydde Frank Foster. I 2013 døydde J.J. Cale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar