18.07.2017

Attande juli

Attande juli 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i Fife i Skotland. Pianisten Ian Stewart er best kjend for å spele for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, men i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981, og på samleplata The Baddest Of George Thorogood & The Destroyers frå 1992. Stewart døydde i 1985. I 1944 vart Christer Eklund fødd i Sverige. Radiopersonligheten Eklund har i alle år traktert saksofonen i godt lag, og i godt lag var han då han la på godlyd på ABBA sin kjempehit Waterloo. Hjå meg er Eklund kreditert for å spele på Waterloo på to ulike samleplater, The Hits (1991) og Gold – Greatest Hits (1992). I 1948 vart Steven Peter Madaio fødd i den amerikanske delstaten New York. Trompetisten Steve Madaio har spela med eit utal amerikanske musikarar og kan i mi platehylle nytast på platene Backstreets Of Desire (Willy deVille, 1992), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (Meat Loaf, 2006), samt utvalde spor på Lynnyrd Skynnyrd si samleplate The Essential Lynnyrd Skynnyrd frå 1998. I 1953 vart Neil Stubenhaus fødd i Bridgeport i Connecticut. Bassisten Stubenhaus, med ei fortid i Blod Sweat & Tears, kan i mi platehylle høyrast på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, i tillegg til Lisa Stansfield si sjølvtitulerte plate, også den frå 1997. I 1954 vart Richard Lee Skaggs fødd i Cordell i Kentucky. Strengevirtousen Ricky Skaggs sitt bidrag til mi platehylle finn du på Emmylou Harris si plate Pices Of The Sky frå 1975. I 1955 vart Terry Chambers fødd i engelske Swindon. Trommeslagaren Chambers var ein av grunnleggjarane av det britiske New Wave-bandet XTC og mi platehylle byr på trommespel på plata Black Sea frå 1980. Chambers og bandet skilde lag i 1983. I 1957 kom Julian Keith Levene til verda i engelske Wood Green. Keith Levene var ein av grunnleggjarane av Public Image Ltd. og kan i mi platehylle høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I 1962 vart Jack Steven Irons fødd i Los Angeles i California. Trommisen Jack Irons var ein av grunnleggjarane av Red Hot Chili Peppers, og hjå meg er han kreditert for å halde takten på eitt spor på studioplata Mother’s Milk frå 1989. Irons er også kreditert for trommespel på eitt spor Pearl Jam si tredje studioplate Vitaology frå 1994. I 1966 slepte The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension. I 1968 kom Alex Désert til verda i New York City. Hjå meg kan den Haitiskætta musikaren og skodespelaren Désert, som til vanleg spelar i skabandet Hepcat, høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1970 kom Gruffyd Maredudd Bowen Rhys til verda i walisiske Haverfordwest. Gruff Rhys er gitarist og vokalist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har levert fleire sterke plater sidan starten i 1993. Hjå meg høyrer du Rhys på studioplata Love Kraft (2005), i tillegg til samleplata Songbook The Singles Vol 1 (2004). I 1975 vart Daron Vartan Malakian fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Daron Malakian er ein av grunnleggarane av System Of A Down, den einaste av originalmedlemmene som ikkje er fødd i Armenia, sjølv om han stammar der i frå. Hjå meg kan Malakian sitt arbeid høyrast på studioplata Toxity frå 2001. I 1981 reiste Toy Dolls til Middlesbrough for å spele på Plus One. I 1988 døydde Nico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar