12.07.2017

Tolvte juli

Tolvte juli 1927 vart Secondo Candoli fødd i Mishawaka i Indiana. Trompetisten Conte Candoli har spela med storbandleiarar som Benny Goodman og Dizzie Gilespie, men hjå meg er det saman med Chet Baker han kan høyrast. Plata heiter Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Candoli døydde i 2001. I 1943 kom Christine Anne Perfect til verda nær Ulveston i engelske Lancashire. Christine McVie sine mest vesentlege bidrag til musikksoga kom i tida ho spelte keyboard i bandet Fleetwood Mac, og hjå meg kan ho høyrast på plata Rumours frå 1977. I 1950 kom Paul Charles Caravallo til verda i Brooklyn i New York City. Trommisen Eric Carr avløyste Peter Criss på trommestolen i Kiss. Hjå meg kan Carr høyrast på platene Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987). Carr døydde av kreft i hjarta i 1991. I 1958 vart Lynn Davis fødd i Heavenly Hills i California. Songerinna Davis har ein omfattande CV, både frå turnélivet og som studioartist. Hjå meg kan Davis si røyst høyrast i bakgrunnen på Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit (1993), Savage Rose si studioplate Black Angel (1995), samt på utvalde spor på Marilyn Manson si studioplate Mechanical Animals frå 1998. I 1959 vart Malcolm Jones fødd i skotske Inverness. Gitaristen Jones slo seg saman med Runrig i 1980 og held ut med det gæliske bandet enno. Hjå meg kan Jones høyrast på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1960 var Count Basie i studio og spelte inn Rock-A-Bye Basie. Frank Wess og Frank Foster var solistar på høvesvis alt- og tenorsaksofon, medan Thad Jones tok rolla som trompetsolist. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1962 kom Daniel David Murphy til verda i Duluth i Minnesota. Gitaristen Dan Murphy var ein av grunnleggjarane av Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene While You Were Out (1986), Grave Dancers Union (1992) og Candy From A Stranger (1998), i tillegg til Ep-plata Clam Dip And Other Delights frå 1989. Murphy sa takk for seg i Soul Asylum i 2012. I 1972 kom Brett A. Reed til verda i industribyen Oakland i California. Trommisen Brett Reed er best kjend for dei femten åra han heldt takten for Rancid (1991-2006), og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life Won’t Wait frå 1998, og Rancid 2000. I 2007 døydde Robert Burås.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar