05.07.2017

Femte juli

Femte juli 1943 kom Jaime Robert Klegerman til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Gitaristen Robbie Robertson var den udiskutable sjefen over alle sjefar i den amerikansk-kanadiske supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Mi platehylle byr på Robertson sin vokal og gitar på The Band-plata Islands frå 1977, og hans eigen soloplate, Storyville, frå 1991. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje artistnamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, eit samarbeid som skal være resultat av sterk gjensidig respekt mellom Dylan og gutane i The Band. Også Carly Simon har nytt godt av Robertson sine tenester, og han er kreditert for gitarspel på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1949 kom Tommy Eyre til verda i engelske Sheffield. Tangentmannen Eyre sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Eyre døydde i 2001. I 1950 vart dagen merkt av at Michael Monarch vart fødd i Los Angeles i California. Steppenwolf-gitaristen Monarch kan hjå meg høyrast på Steppenwolf si sjølvtitulerte debutplate frå januar 1968. I New York City kom Hugh Anthony Cregg III til verda. Songaren Huey Lewis er ikkje berre frisk i røysta, men er også dugande til å traktere munnspel. Hjå meg kan Lewis høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1960 var det no eller aldri for Elvis Presley. Now Or Never toppa listene i fem veker i USA, åtte i England. I 1965 vart Einar Thorbjørnsen fødd i Bodø. Tangentmannen Thorbjørnsen arbeider ut frå heimbyen Bodø og kan i mi platehylle høyrast på bysbarnet Halvdan Sivertsen si plate Kjærlighetslandet frå 1994. I 1973 vart Bengt Lagerberg fødd i svenske Jönköping. Trommisen Lagerberg er best kjend for å spele i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 kom Rufus Arthur Johnson til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Rapparen Bizarre var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. Bizarre er også kreditert for vokalhjelp på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Dagen bydde også på plateslepp frå Beach Boys, plata fekk tittelen 15 Big Ones og var strandgutane si tjuande studioplate. I 1977 vart Ryan Daniel Montgomery fødd i Detriot i Michigan. Rapartisten Royce da 5´9´´ kan i mi platehylle høyrast på Eminem si plate The Slim Shady LP frå 1999. I 1980 var dette datoen Norseman Hotel i Peterlee var vertar for Toy Dolls. I 1985 enda Iron Maiden sin eitt hundre og nitti konsertar lange World Slavery Tour med eit show i Irvine Meadows i California. I 1986 vart det høve for ihuga Motörheadbangers å kjøpe Motörhead sin singel Death Forever/On The Road (Live). I 1993 slepte Björk Gudmundsdottir plata Debut, som langt i frå var hennar platedebut, ho hadde allereie slept fleire plater som medlem av bandet Sugarcubes. I 1996 leika AC/DC seg til tonane frå Gone Shotin’, opptaket frå VH1 sitt studio B er aldri sendt på fjernsyn, men er likevel tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar