20.07.2017

Tjuande juli

Tjuande juli 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Atulán de Navarro i Mexico. Supergitaristen Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. Hjå meg kan Santana høyrast på eit konsertopptak med den treffande titelen Live, han er også kreditert for gitarspel på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1952 vart John French Segall fødd i New York City. Jay Jay French er rytmegitarist i glamrockbandet Twisted Sister, eit band eg var heldig å få sjå i levande live så langt attede som i 1986, og hjå meg kan han høyrast i godt driv på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1954 kom Keith Douglas Scott til verda i den kanadiske olympiabyen Vancouver på den kanadiske vestkysten. Gitaristen Keith Scott har vore fast i Bryan Adams sitt band sidan dei to treftes for fyrste gong i 1976, og i mi platehylle kan Scott høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Scott er i tillegg kreditert for gitarspel på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1956 vart Paul Thomas Cook fødd i London. Paul Cook var trommeslagar i Sex Pistols og sikra seg på det viset ein solid plass i musikksoga. Sjekk plata Never Mind The Bollocks (Here’s The Sex Pistols) frå 1977 om du vil høyre Cook sitt taktfaste arbeid i mi platehylle. I 1959 kom Radney Foster til verda i Del Rio i skytegale Texas. Countryartisten Foster si karriere er merkt av arbeidet han gjorde i duoen Foster & Lloyd, men hjå meg høyrer du røysta hans som bakgrunnsvokal på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1964 vart Christopher John Boyle fødd i Seattle i Washington. Chris Cornell fekk sitt store gjennombrott med bølgja av grunge som skylla over verda på nittitalet. Soundgarden-sjefen er etter kvart ein leiande storleik i mi platehylle og kan høyrast både som bandleiar i Soundgarden, med platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994), som del av supergruppa Audioslave med Out Of Exile (2005) og Revelations (2006), og som soloartist med Scream (2009). Platehylla inneheld også Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog frå 1991, der Cornell si røyst ligg framst i lydbiletet. Cornell døydde i 2017. I 1966 kom Stone Carpenter Gossard til verda i Seattle i delstaten Washington. Gitaristen Stone Gossard var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan hjå meg høyrast på debutplata Ten (1991), og på den tredje studioplata Vitaology frå 1994. Gossard er også kreditert for å lage diverse gitarlyd på tributebandet Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1967 kom Courtney Taylor til verda i den største byen i delstaten Oregon, Portland. Vokalisten og gitaristen Courtney Taylor-Taylor er den leiande krafta i bandet The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1973 slepte Mott The Hoople si sjette studioplate, og den fekk tittelen Mott. I 1975 spelte Motörhead sin fyrste konsert. Det hendte på Roundhouse i London og i Mojo 212 erindrar Lemmy at We Weren’t Very Good - Bloody Awful, In Fact. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Castleside Club i Consett. I 1981 var dette datoen for utgjevnad av Pleasant Dreams frå Ramones. Media Sound i New York var åstad for innspelinga i mars og april same år og produsent var Graham Gouldman. We Want The Airwawes og The KKK Took My Baby Away kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1984 var Toy Dolls sin Calilfornia-turné komen til Youth Hall i San Diego. I 1998 slepte Trang Fødsel si tredje studioplate, og den fekk namnet Feber.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar