07.07.2017

Sjuande juli

Sjuande juli 1913 vart Joseph William Perkins fødd i Belzoni i Mississippi. Pianisten Pinetop Perkins er i mi platehylle kreditert for å spele på Johnny Winter si åttande studioplate Nothin’ But The Blues frå 1977. Pinetop Perkins døydde i 2011. I 1930 kom saksofonisten Hank Mobley til verda i Eastman i Georgia. Mobley kan i mi platesamling høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Mobley døydde i 1986. I 1932 vart Josef Erich Zawinul fødd i Austerriket sin flotte hovudstad Wien. Joe Zawinul fekk seinare eit musikkstipend ved eit prestisjeuniversitet på andre side av Atlanterhavet, der han etablerte seg som ein suksessfull jazzmusikar med keyboard som hovudinstrument, spesielt i bandet Weather Rapport. Hjå meg kan Zawinul høyrast på samleplata Collections, som er utgjeve i Wather Rapport sitt namn i 2008, og på Miles Davis si plate In A Silent Way frå 1969. Zawinul døydde i 2007. I 1940 vart Richard Starkey fødd i engelske Liverpool. Starkey er best kjend under kunstnernamnet Ringo Starr og har tent mesteparten av pengane sine som trommeslagar i den etter kvart vidgjetne Liverpool-kvartetten The Beatles. I mi platehylle finn du Beatles-samleplata Anthology 1 (1995), i tillegg kan evigunge Ringo Starr kan høyrast frå den gongen han har steppa inn som trommeslagar på eit par songar for Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på plata Flaming Pie, som tidlegare Beatles-kollega Paul McCartney gav ut i 1997. I 1951 kom Sue Evans til verda i New York City. Perkusonisten Evans har jobba med store artistar og fleire symfoniorkester og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega, og på like utvalde spor på den plata som inneheld to av Carlene Carter studioplater, Two Sides To Every Woman og Musical Shapes, som kom på marknaden i høvesvis 1979 og 1980. I 2003 platedebuterte The Darkness med Permission To Land.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar