19.07.2017

Nittande juli

Nittande juli 1924 vart Alan Warren Haig fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Pianisten Al Haig sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Haig døydde i 1982. I 1941 kom Phil Upchurch til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Upchurch kan hjå meg høyrast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979. I 1946 kom Alan Gorrie til verda i skotske Perth. Gorrie er bassist og gitarist i Average White Band og kan hjå meg høyrast på samleplatat The Very Best Of Average White Band. I 1947 kom Brian Harold May til verda i London. Gitaristen og astrofysikaren Brian May er kjend for den fantastiske gitarlyden i Queen, men hjå meg er det som korist på Ian Hunter sin song You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys frå 1976, og med ein gitarsolo på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006, han kan høyrast. I Minneapolis i Minnesota vart Bernhard Mathew Leadon III fødd. Gitaristen Bernie Leadon var ein av grunnleggjarane av The Eagles, og han har også spela med The Flying Burrito Brothers. Hjå meg kan Leadon sitt gitarspel høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1952 kom Larkin Allen Collins jr til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Allen Collins var ein av grunnleggjarane av Lynnyrd Skynnyrd og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata The Essential Lynnyrd Skynnyrd frå 1998. Collins døydde i 1990. I 1960 vart Kevin Haskins fødd i engelske Northampton. Haskins trakterte trommene i goth-bandet Bauhaus og kan hjå meg høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. I 1963 kom Sverre Indris Joner til verda. Sverre Joner er mannen bak musikkprosjekt som La Descarga og Hovedøen Social Club og vert rekna som ein av pionerane innom latinamerikansk musikk i Noreg. Hjå meg kan Joner høyrast på platene Descongelate (La Descarga 1998) og Que Viva Noruega (HSC 2008). I italienske Castellammare di Stabia vart Silvio Pozzoli fødd. Songaren Pozzoli kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1969 kom Ged Lynch til verda i engelske Manchester. Lynch er ein merittert trommis og kan hjå meg høyrast på Black Grape si debutplate It’s Great When You’re Strait, Yeah frå 1995. I 1976 var Tom Waits med venner attende i Wally Heider Studios for andre innspelingsdag til plata Small Change. I 1980 gjekk det truleg varmt føre seg då Toy Dolls stod på scenen i W.M.C i Newbottle. I 1981 spela dei same Toy Dolls i Birds Nest i Hartlepool. I 1984 kunne rosin- og kvegbøndene i Fresno, California oppleve Toy Dolls på Warners. I 2001 døydde Judy Clay.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar