23.07.2017

Tjuetredje juli

Tjuetredje juli 1928 kom William James Edwards Lee III til verda i Snow Hill i Alabama. Bassisten Bill Lee sitt arbeid kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1930 vart saksofonisten Richie Kamuca fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Kamuca var ein del av West Coast jazz-scena og kan hjå meg høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Kamuca døydde i 1977. I 1943 kom Tony Joe White til verda i Oak Grove i Louisiana. Tony Joe White er ein av landevegens cowboyar, som har levert sterke plater jamnt og trutt sidan sekstitalet, og oppnådd fortend status som musikkarfavoritt. Salstala har nok ikkje alltid vore slik White skulle håpe på, men det er grunn til å tru at han var meir enn fornøgd med salstala tilTina Turner, som hadde ein kjempehit med White sin song Steamy Window på plata Foreign Affair frå 1989. I mi platehylle finn du White si soloplate Closer To The Truth, han yt også sitt bidrag til mi platehylle som gitarist på den ovanfornemnde Tina Turner-plata. I 1946 kom Andrew Mackay til verda i Lostwithiel i idylliske Cornwall. Multiinstrumentalisten Andy Mackay er best kjend for tida han trakterte ulike blåseinstrument for Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995, som også har med spor frå Bryan Ferry sine soloplater. I 1950 kom Blair Thornton til verda i olympiabyen Vancouver. Gitaristen Thornton har sitt daglege virke i det kanadiske rockebandet Bachman-Turner Overdrive og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på samleplata The Very Best Of, som kom på marknaden i 2001. I 1952 vart Janis Siegel fødd i Brooklyn i New York City. Songerinna Siegel slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973 og i mi platehylle kan du høyre røysta hennar på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1959 kom Alan Barnes til verda i engelske Alitrincham. Saksofonisten Barnes er ein mykje nytta studiomusikar og hjå meg kan han høyrast på Van Morrison si plate Avalon Sunset frå 1989. I 1961 kom Martin Lee Gore til verda i motorbyen Dagenham. Martin Gore har skrive mesteparten av låtane som Depeche Mode har spelt inn og er bandet si eigentlege stjerne. I mi platehylle finn du Gore sitt arbeid på studioplatene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1964 vart Tim Kellett fødd i Knaresborough i engelske Yorkshire. Tangentmannen Kellett kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1965 kom Saul Hudson til verda i den engelske pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Hudson er best kjend som gitaristen Slash og kan hjå meg høyrast som sjefsgitarist på dei fem fyrste platene Guns N’Roses slepte, Appetite For Destruction (1987), Liesn (1988), Use Your Illution I & II (1991), og The Spaghetti Incident. Slash spelar også med supergruppa Velvet Revolver, som også har teke plass i platehylla mi med debutplata Contraband frå 2004. I 1968 vart Nick Menza fødd i den bayerske hovudstaden München. Trommeslagaren Menza er best kjend for å ha tromma takten for Megadeth frå 1988 til 1998 og kan i mi platesamling høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. Mensa døydde i 2016. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1971 vart Alison Krauss fødd i Decatour i Illinois. Fiolinisten Krauss er best kjend for samarbeidet med tidlegare Led Zeppelin-vokalist Robert Plant, i mi platehylle kan ho høyrast medan ho spelar for Michelle Shocked på studioplata Arkansas Traveller frå 1992. I 1973 kom Francis Healey til verda i Stafford i engelske Staffordshire. Fran Healey syng og spelar tangentar i Travis og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate The Invisible Band frå 2001. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics. I 2011 døydde Amy Winehouse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar