02.07.2017

Andre juli

Andre juli 1927 vart Lee Allen fødd Pittsburg i Kansas. Saksofonisten Allen var ein del av den amerikanske jazzscena på femtitalet, og han har spelt inn plater med Fats Domino og Little Richard. I mi platehylle kan Allen sitt saksofonspel høyrast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Allen døydde i 1994. I 1932 kom Bobby Ellis til verda i Kingston på reggeaøya Jamaica. Trompetisten Ellis yt sitt bidrag til mi platehylle på utvalde spor på samleplatene The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999), begge slept av dødsbuet etter Peter Tosh. I 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. David Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1949 vart Roy J. Bittan fødd i Rockaway Beach i Queens i New York City. Roy «The Professor» Bittan er merittert tangentmann i Bruce Springsteen sitt E Street Band, i tillegg til høgt skatta studiomusikar for ei rekkje store artistar. Hjå meg kan Bittan høyrast på platene Bat Out Of Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1977, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. Bittan er også kreditert for å spele ulike tangentinstrument på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1950 vart Duncan Mackay fødd i den tidlegare så stolte engelske fotballbyen Leeds. Mackay spelar i mi platehylle keyboard på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, og horn på Tina Turner si plate Twenty Four Seven frå 1999, han er i tillegg kreditert som gjest på Prima Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I 1953 vart Mark Hart fødd i Fort Scott, det er i den amerikanske delstaten Kansas. Hart har vore innom britiske Supertramp, men hjå meg kan han høyrast på Crowded House si plate Together Alone frå 1993. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaires til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1958 vart Andrew Michael Saidenberg fødd i New York City. Komponisten og musikkprodusenten Andy Marvel er i mi platehylle kreditert for å spele både trommer og ulike tangentinstrument på Diana King si plate Tougher Than Love frå 1995. I 1962 vart David R. Ferguson fødd i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Countrymusikaren Ferguson er best kjend som studioteknikar, men er i mi platehylle kreditert for noko så eksotisk som ukulelespel på Johnny Cash si plate American IV: The Man Comes Around frå 2002. I 1965 kom Ulf Ivarsson til verda i svenske Gävle. Bassisten Ivarsson kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Thåström på hans sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1979 gav Neil Young & Crazy Horse ut plata Rust Never Sleeps. Plata hadde ei akustisk og ei elektrisk side då vinylutgåva kom på marknaden. I dag får ein alt på ei side i digitalt format. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls heldt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden på marknaden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. I Newbottle kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club. I 1985 kom Gunnhild Eide Sundli til verda på Orkdal. Songaren Gunnhild Sundli hadde vokalrolla i Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I 2002 døydde Ray Brown. I 2008 døydde Natasha Shneider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar