09.07.2017

Niande juli

Niande juli 1946 vart Ronald Belford Scott i Kirremuir i Skottland. AC/DC vokalisten Bon Scott hadde allereie ei etablert karriere som songar i ulike australske band då ha slo seg saman med dei mykje yngre Young-brørne på tampen av 1973, men det kunne ikkje måle seg med den suksessen han opplevde saman med gutane i AC/DC. I mi platehylle står platene High Voltage (1976) og Dirty Deeds Done Dity Cheap (1976), EP’en ’74 Jailbreak (1984), i tillegg til samlinga Bonfire som er resten av bandet si hylling av vokalistlegenda og kom på marknaden i 1997. Scott døydde med spya i halsen i London ein sein februarkveld i 1980. I 1950 kom Gwen Guthrie til verda i Okemah i Oklahoma. Songerinna Guthrie sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive frå 1981. Guthrie døydde i 1999. I 1952 kom Carlos Perón til verda i finansbyen Zürich. Perón er ein av grunnleggarane av det sveitsiske elektronicabandet Yello, men slutta i bandet etter at dei tre fyrste platene var fullførd. I mi platehylle finn du Perón sitt arbeid på plata You Gotta Say Yes To Another Excess frå 1989. Ein som delar fødselsdag med Perón er Paddy Bush. Bush er bror av betre kjende Kate Bush og hjå meg kan han høyrast på hennar plate Lionheart frå 1978. I 1954 kom Kim Bård Roll Hansen til verda i metropolen Drammen. Herodes Falsk har levert både seriøse og useriøse bidrag til underhaldningsbransjen sidan syttitalet. Hjå meg kan Falsk høyrast i frodig samspel med Jahn Teigen og Tom Mathiesen på samleplata Absolute Prima Vera, som Prima Vera slepte i 1994. I Philadelphia i Pennsylvania vart Debbie Sledge fødd. Saman med systrene Kim, Joni og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1957 kom Peter Mark Sinclair Almond til verda i nærleiken av den engelske hamnebyen Liverpool. Marc Almond var drivkrafta i Soft Cell og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Cruelty Without Beauty frå 2002. I 1959 vart James Kerr fødd i den skotske storbyen Glasgow. Jim Kerr var den drivande krafta i bandet Simple Minds, som herja listene på åtti- og nittitalet og hjå meg kan Kerr høyrast på plata Real Life frå 1991. I 1964 vart Courtney Michelle Harrison fødd i hippiebyen San Francisco på den amerikanske vestkysten. Courtney Love har ei fortid som barnepike for The Clash-sjefen Joe Strummer sine ungar, men er best kjend for eit stormfylt ekteskap med avdødde Nirvanaleiar Curt Cobain og for å blotte brysta sine i ei rekkje samanhengar der slikt ikkje går upåakta hen. Courtney Love har også ei eiga musikarkarriere saman med bandet Hole og i mi platehylle kan Love sine vokalprestasjonar høyrast plata Celebrity Skin frå 1998. I 1965 vart Frank Bello fødd i New York City. Bello var bassist i det amerikanske hardrockbandet Anthrax frå 1984 og fram til 2004, før han tok ein pause og kom attende som ein del av rytmeseksjonen i 2005. Bello kan i mi platesamling høyrast på studioplatene State Of Euphoria frå 1998 og Persistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s, som kom på marknaden i 1999. I 1972 kom Simon Tong til verda i Wigan. Tong er gitarist, i tillegg til at han spelar keyboard, og kan høyrast i både The Verve der han spelte frå 1996 til 1999, og Gorillaz. Mi platesamling byr på Tong sitt arbeid på kritikarroste Urban Hymns frå 1997, og Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1975 vart John Anthony Gillis fødd i bil- og rockebyen Detroit i Michigan. Jack White var den drivande krafta i bandet The White Stripes, der ekskona Meg White var den den andre halvleiken, og han kan hjå meg høyrast på plata White Blood Cells frå 2001. I 1984 slepte Public Image Ltd plata This Is What You Want...This Is What You Get. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på Tolouse Open Air Show. I 2002 slepte Red Hot Chili Peppers plata By The Way. I 2011 døydde Würzel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar