28.07.2017

Tjueåttande juli

Tjueåttande juli 1938 kom Buddy Spicer til verda i Dubois i Pennsylvania. Fiolinisten Spicer har spela med Hank Snow og Hank Williams si enke Audrey Williams før han slo seg opp som studiomusikar i Nashville. I mi platehylle kan Spicer sitt felespel høyrast på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits (1982) og samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. I 1943 vart Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Mike Blomfield landa på ein respektabel tjueandreplass på renommerte Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965, han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. Bloomfield døydde i 1981. I engelske Hatch End kom Richard William Wright til verda. Tangentmannen Richard Wright har gjort seg merkt for arbeidet han har gjort med Pink Floyd og kan hjå meg høyrast på den storselgjande plata Dark Side Of The Moon frå 1973. Wright døydde i 2008. I 1944 vart Bobby King fødd i Lake Charles i Louisiana. Songaren King er kjend for å synge med Ry Cooder, i mi platehylle kan han høyrast på The Blues Band si plate Brand Loyalty (1992), og på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1949 kom Simon Frederic St Georg Kirke til verda i London. Simon Kirke har hausta heider som ein av verdas framste trommisar, kjend mellom anna for tida i Free. Hjå meg kan Kirke høyrast medan han trommar for supergruppa Bad Company på plata Straight Shooter frå 1975. I kanadiske Toronto vart Christopher William Ward fødd. Songaren Christopher Ward sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på ekskjærasten Alannah Myles si debutplate Alannah Myles frå 1989. I 1950 kom Roy Rogers til verda i Redding i California. Gitaristen Roy Rogers har operert som hjelpegitarist for artistar som John Lee Hooker, Sammy Haggar, Linda Ronstadt, med fleire. I tillegg til å gje ut plater under eige namn, er Rogers også frontmann i trioen The Delta Rhythm Kings. Soloplata Chops Not Chaps frå 1986 er Rogers sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1965 vart Nicholas David Banks fødd i engelske Rotherham. Trommisen Nick Banks har ei fortid i Pulp og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1966 spelte The Byrds inn I Know My Rider (I Know Your Rider) og Psychodrama City. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på nyutgjevingar av bandet i tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1969 slepte Grand Funk Railroad singelen Time Machine/ High On A Horse, for å promotere plata On Time. Singelen klatra til ein beskjeden førtiåttandeplass på listene. I 1979 vart Kjetil-Vidar Haraldstad fødd. Frost har tromma for fleire norske metallband, som Gorgoroth og Keep Of Kalessin, og spelar i dag i Satyricon og 1349. Det er på plata Demonoir, som sistnemnde band slepte i 2010, du finn Frost sitt bidrag til mi platehylle. I 1983 spela Men at Work i Merriweather Post Pavillion i Columbia, Marryland, og hendinga vart spela inn av ABC Rock Radio Network. Songen I Like To (live) kan høyrast på B-sida av singelen Dr. Heckyll & Mr. Jive og samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1986 gav Neil Young ut plata Landing On Water på plateselskapet til David Geffen. I 1992 slepte George Thorogood samleplata The Baddest Of George Thorogood & The Delaware Destroyers. Også Lita Ford nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde den overaskande tittelen The Best Of Lita Ford og er ein suveren moglei til å høyre Close My Eyes Forever, som er ein duett med Ozzy Osbourne. I 1995 døydde Eddie Hinton.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar