25.07.2017

Tjuefemte juli

Tjuefemte juli 1946 vart Alpharita Constatina Anderson fødd i Sanitago de Cuba på Cuba. Rita Marley voks opp på Jamaica og hadde ei sjølvstendig karriere som songerinne før ho gifta seg med Bob Marley i 1966, seinare ofra ho seg som bakgrunnssongerinne og mor til fire av Bob Marley sine barn. Hjå meg kan Rita Marley høyrast på Bob Marley si plate Legend frå 1984, i tillegg til Peter Tosh si samleplate The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1950 kom Mark Clarke til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Clarke kan hjå meg høyrast medan han spelar bass på Uriah Heep-songen The Wizzard, som han også var med å komponere. Songen kan høyrast på plata Demons And Wizzards frå 1972. I 1951 vart Verdine White fødd i Chicago i Illinois. Bassisten White er vetlebror til Earth Wind & Fire-grunnleggjar Maurice White og har spela med bandet sidan 1970. Hjå meg kan White sitt basspel nytast på studioplata Touch The World frå 1987. I 1955 kom Jem Max Finer til verda i den engelske pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Banjospelande Jem Finer var ein av grunnleggarane av folkpunk gruppa The Pogues der han, i tillegg til å spele banjo, også gir sitt bidrag til lydbiletet ved å spele saksofon og ein del andre strengeinstrument. Hjå meg kan Finer høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Finer kan også høyrast, saman med resten av The Pogues, på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995. I 1956 vart Jarle Farestveit fødd i nærleiken av trikotasjebygda Salhus. Trekkspillspelande Farestveit er kjend som Hallstein i Vinskvetten og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1958 vart Thurston Joseph Moore fødd i Coral Gables i pensjoniststaten Florida. Thurston Moore er ein av grunnleggjarane av Sonic Youth og vert i tillegg rekna som ein habil gitarist. Hjå meg kan Moore høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). Moore er også kreditert for å synge på eit spor på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1960 kom Peter Korhonen til verda i Blackeberg i Stockholm. Trommeslagaren Korhonen sitt bidragt til mi platehylle finn du på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1970 vart Brian Blade fødd i Shereveport i Louisiana. Blade sitt stødige trommespel kan hjå meg høyrast på Steve Earle si plate El Corazón, og på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind, begge frå 1997. Dagen bydde på nok ein trommeslagarfødsel. Dette skal ha skjedd i Perth i Skotland og resultatet heiter Richard Colburn. Colburn held takten for Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1973 kom Daniel Lloyd Davey til verda i engelske Hertford. Songaren Dani Filth er ein av grunnlegjarane av bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principles Of Evil Made Flesh frå 1994, i tillegg til plata Midian, som kom på marknaden i 2000. I 1979 vart Timo Peter Räisänen fødd i Göteborg. Gitaristen Timo Räisänen skal for tida vere oppteken med å pleie eiga solokarriere, men hjå meg høyrer du gitarspelet hans på plata Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg, som kompisen Håkan Hellström slepte i 2000. I 1980 gav AC/DC ut plata Back In Black. Plata er det mest selde hardrockalbumet nokon sinne og eg eig vedunderet både på langspelplate og kompaktdisk. I 1982 kunne Toy Dolls høyrast på Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 slepte Metallica debutplata si, som hadde den sjarmerande tittelen Kill ‘Em All og har selt meir enn tre millionar eksemplar verda over. I 1989 gav Beastie Boys ut plata Paul’s Boutique, som var den fyrste plata eg kjøpte frå den amerikanske trioen og som gjorde eit usletteleg inntrykk etter at det fyrste sjokket over at det ikkje var ei punkrapplate eg hadde kjøpt hadde lagt seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar