27.07.2017

Tjuesjuande juli

Tjuesjuande juli 1930 vart Andrew White fødd i skotske Glasgow. Trommisen Andy White erstatta sjølvaste Ringo Star på The Beatles på bandet sin fyrste singel, Love Me Do, og var ein av øyriket i vest sine travlaste studiomusikarar på 50-, 60- og syttitalet. Hjå meg kan White sitt trommespel høyrast på ovannemnde Beatles-spor, henta frå samleplata Anthology I frå 1995. White døydde i 2015. I 1949 kom Roderick Macdonald til verda i Dornoch i Skotland. Bassisten Rory Macdonald var med å grunnleggje Runrig i 1973 og er ein sentral låtskrivar som hjå meg kan høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1960 vart den australske pianisten Conway Savage fødd. Savage har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er best kjend for å spele saman med The Bad Seeds og kan i mi platesamling høyrast med pianospel og hjelpevokal på Nick Cave sine plater The Boatman’s Call frå 1997 og Nocturama (2003). I 1963 kom Karl Mueller til verda i Minneapolis i Minnesota. Bassisten Mueller var ein av grunnleggjarane av Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene While You Were Out (1986), Grave Dancers Union (1992) og Candy From A Stranger 1998), i tillegg til Ep-plata Clam Dip And Other Delights frå 1989. Mueller døydde av strupekreft i 2005. I 1964 gjekk Johnny Cash i gang med innspelinga av ein tidleg versjon av Bob Dylan sin alltid like vakre Mama You’ve Been On My Mind. Denne versjonen vart utgjeven same året i Tyskland, men amerikanarane fekk ikkje nyta han før han dukka opp på ei samleplate så seint som i 2002. I 1969 vart Thomas Seltzer fødd i USA. Bassisten og programleiaren Happy Tom spelar til dagleg i Turboneger og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ass Cobra (1996) og Retox (2007). I 1982 var Ebba Grön på Rockslagfestivalen i Karlshamn, dei frammøtte fekk høyra Die Mauer, Flyktsoda, Malmö City og Born To Be Wild, som alle kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1984 gav Metallica ut den andre studioplata si, Ride The Lightning. I 1993 slepte The Smashing Pumpkins plata Siamese Dream, som var bandet si andre studioplate. I 2001 døydde Leon Wilkeson. I 2005 døydde Dom Um Romão.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar